Fredag 18. november 2016 kunne forskarane Frédéric Cyr og Nagib Bhairy frå Universitetet i Aix-Marseille informere om at det var eit vellukka slepp av ein glidar (undervassglidefly) med ein ny type hydrokarbonsensor. Den skal no gå i kring plattformane, og dei skal sjå om den nye sensoren kan finne spor av olje og gass i vatnet.

img_6930

Ut med Havila Troll
Forskarane drog ut med standbyfartyet Havila Troll  frå Ågotnes (Bergen) på tysdag. Både mannskap og forskarar var spente. Runde Miljøsenter var med denne tysdagen for å koordinerer arbeidet.

Charlotte Hauge, kommunikasjonsrådgivar frå Runde Miljøsenter var med for å få til ein god introduksjon mellom mannskapet og dei som kom om bord.

Runde Miljøsenter har hovudansvar for denne delen av prosjektet, som er en del av eit større EU-prosjekt som heiter NeXOS der dei driv med utvikling av sensorar. Dette er eit internasjonalt samarbeid, mellom anna med Runde Miljøsenter, Havila Shipping, Statoil, Universitetet i Marseille og Alseamar.

 

 

trollscrens02Venta på stabilt vêr 

Fredag var det stabilt nok vêr til at Havila Troll kunne forskarar og mannskap gå om bord i ein mindre MOB-båt som tok dei med til sleppstaden. Glidaren og hydrokarbonsensoren vart plassert ut i havet, der den starta opp arbeidet sitt med å samle inn data til prosjektet.

 

 

 

Samarbeidspartnarar godt nøgde
Frédéric Cyr kunne melde attende at dei har hatt det flott om bord Havila Troll og at dei er veldig nøgd med å sjå at industri og forsking kan gå hand i hand.

– Eg har hatt det topp her ute! Eg er glad for at Runde Miljøsenter har gode kontaktar som er så villege til å samarbeide om dette unike prosjektet, fortalde Frédéric over satellittelefon frå skipet.

 

Ny sensor testast ut
Denne nye optiske sensoren som er festa på glidaren  skal kunne rapportere attende om moglege funn av hydrokarbon i havet.  Den vil no gi attende data til land og om nokre veker kan vi sjå dei ulike variasjonane i konsentrasjonen i området.

 

Du kan lese meir om dette prosjektet til NeXOS her