I samarbeid med Høgskulen i Volda inviterer vi til forskingsdag laurdag 24. september. Her blir det disseksjon av fisk, moglegheit for å sjå i mikroskop, informasjon om havstraumar, tang og tare. Undervassfilm blir det og.

Tema: Livet i havet.

Under forskningsdagene på Runde vil vi denne dagen ha eit stort utvalg aktivitetar for både små og store. Vi kan friste med:

  • Disseksjon av fisk der vi viser og fortel om fiskens oppbygging og anatomi. Her kan ein og få prøve å kutte i fisk sjølv, og få ta og kjenne på forskjellige fiskar (pigghå, rognkjeks, makrell, sild ++).
  • Ta ein titt på nokre av dei mindre organismane i havet gjennom mikroskop og lupe! Vi har samla inn både dyre- og planteplankton, og det blir mogleg å få kome inn på forskingslaboratoriet for å sjå på disse.
  • Lurer du på kvar havstraumane går? Eller korleis vassøyla er lagdelt? Vi har ein oseanograf som skal vise kvifor kaldt og salt vatn ligg lengst ned i havet, mens varmare og mindre salt vatn ligg øvst. Kva har dette å seie for oksygenet i havet?
  • Tang og tare i fjøresonen. Vi vil vise og fortelje om tang og tare i fjøresonen, og alle dei små og større organismene ein finn der. Det vil også bli mogleg å samle inn tang sjølv med tangrive.
  • Film frå djupet i norske fjordar. Lurer du på korleis det ser ut på havets botn i norske fjordar? Vi har ein video filma med ROV som gir eit innblikk i kva som finst på botnen av fascinerande og kule dyr!

Fagleg ansvarleg for arrangementet er Jan Håkon Vikane, Institutt for realfag, AHL.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Laurdag 24.september 2022 kl. 10.00 – 18.00.

Stad: Runde Miljøsenter, Runde, Herøy.

Du finn meir informasjon om forskingsdagane 2022 på nettstaden til Høgskulen i Volda .