Utstillinga skal vere open i Herøy i ein månad. Skuleelevar frå alle nabokommunar skal bussast inn. Stor opningsfest med eigenkomponert musikk og dans pluss sentrale personar som skal snakke om havrommet. Ellen Kvalsund, infosjef ved Kleven og Mathias Dybvik leiar i Herøy Ungdomsråd skal vere konferansierar.

Utstillinga skal rundt i byar i Noreg i år. Neste år rundt om i Nord-Amerika, Europa og Russland før ho skal ende som permanent utstilling ved Runde Miljøsenter. Utstillinga er ein del av Noreg si offisielle Grunnlovsfeiring, og dei store departementa er inne med finansiering. Herøy Næringsforum og Møre og Romsdal Fylkeskommune er inne i finansieringa av utstillingsopninga og busstransport av skuleelevar frå regionen her. Sparebanken Møre er hovudsponsor for opninga og utstillinga i Herøy.

Sentrale personar:
Olav Christensen, idehavar og prosjektleiar for utstillinga
Nils-Roar Hareide, dagleg leiar for Runde Miljøsenter som er ansvarleg for utstillinga
Svein Gjelseth som fekk utstillinga hit medan han var stortingsrepresentant
Ordførar Arnulf Goksøyr, Herøy kommune som er teknisk arrangør og vertskap for utstillinga

Lokale aktørar som er representert i utstillinga er Kjersti Kleven, styreleiar for Kleven Maritime AS og tidlegare forskar ved Fafo, Stig Remøy i Olympic og Svein Rune Gjerde i Marintek.

Les meir om utstillinga:

Utstillinga er open i perioden 14. januar til og med 14. februar. På kvardagar er utstillinga open for skuleklasser etter avtale. På laurdagar kl 11 – 17 og søndagar kl 13 – 17 er utstllinga open for publikum. Gratis inngang.