Utstillinga Kaldt hav – heite spørsmål har kome til Naturhistorisk Museum (NHM) i Oslo, og vert opna av styreleiar Kristin Halvorsen onsdag 27. august klokka 19.00. Utstillinga er både ein del av NMH sitt 200-årsjubileum og Grunnlovsjubileet.

– Menneske forbrukar, brukar og til og med misbrukar naturressursar, men er ein seg dette bevisst? Denne utstillinga får meg til å tenke, seier Arne Bjørlykke, museumsdirektør ved NHM.

Over: Nokre bilete frå opprigginga av utstillinga og Naturhistorisk museum.  Foto: Unni Irmelin Kvam / Naturhistorisk museum.

Sju gongar meir hav
Noreg forvaltar sju gongar meir hav enn land. Fisk og olje er framleis ryggrada i norsk næring og eksport. Berre 5 prosent av havbotnen er kartlagd.

– Ei berekraftig forvalting av så store areal krev mykje kunnskap og kartlegging.  Forvalting forpliktar, seier Bjørlykke.

No er nye område for forvalting aktuelle, som bioprospektering og leiting etter mineralressursar i djuphava. Den største delen av djuphavsområda vert forvalta av FN, men Kina, Japan, India og Frankrike er mellom landa som er interesserte i å utvinne mineralførekomstar frå djuphavet.

Noreg har gjennom dei siste 200 år greidd å forvalte og utnytte havet, samt befolke kysten på ein god måte. Kva relasjon har vi til havet i dag? Og kva rolle vil havet spele dei neste 200 åra?

– Som geolog har eg sjølv vore med på å kartlegge havbotnen, og forsking på isbjørn hos oss her ved NHM viser kor avhengige vi er av eit hav i balanse, seier Arne Bjørlykke, som mellom anna har erfaring frå den tekniske kommisjonen for FN sin Havbotnsmyndigheit.

  • Kaldt hav – heite spørsmål vert opna i Colletts hus ved NHM 27. august klokka 19.00.
  • Utstillinga er utarbeidd av mag.art Olav Christensen, og støtta av Runde Miljøsenter, Forskingsrådet, Olje- og energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Bergesenstiftinga, Sparebankstiftinga DBN og Fritt Ord.
  • Kaldt hav – heite spørsmål er den første utstillinga som inngår som undervisningsopplegg i skulesamarbeid mellom Naturhistorisk museum/Universitetet i Oslo og den nyleg oppstarta Hersleb vidaregåande skule.
  • Kaldt hav – heite spørsmål er ein del av Grunnlovsjubileet og skal brukast av Utanriksdepartementet i Noregsprofileringa, mellom anna i New York og Washington.

I samband med utstillinga vart det òg laga ein film som vart sendt på NRK tidlegare i år. Den kan ein sjå her:
Gjeneroringa av norske hav – NRK.no

Les òg meir om utstillinga på Naturhistorisk museum sine heimesider og Facebook.

 

For meir informasjon om utstillinga og Naturhistorisk museum kan ein ta kontakt med:
Arne Bjørlykke, museumsdirektør ved NHM, tlf: 900 95 012
Unni Irmelin Kvam, kommunikasjonsrådgjevar ved NHM, tlf: 95 17 26 72