Strandryddedagen er den største dagen i året for strandryddarar og i Frivillighetens år 2022 var målet å gjere denne dagen enno større. Vi i Runde Miljøsenter og Opplev Runde ønska å prøve ein litt anna framgangsmåte for å heidre alle som hadde vore ute å plukka søppel. Med støtte frå Hold Norge Rent fekk ryddarane deltatt på Trylleshow med Miss Aurora og Tito Magic og lotteri med flotte premiar, der billettar og lodd blei betalt med søppel.

Miss Aurora og Tito Magic underhaldt dei frivillige som hadde trossa vêret og kome ut til Miljøsenteret

Dagen vart ein suksess med nærmare 50 besøkande og ein halv container med søppel.

Søppelet som hadde blitt plukka i fjøre og veikant av ivrige frivillige

Tusen takk til alle bedriftene som donerte premiar til søppellotteriet, til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk for godt samarbeid, og sist men ikkje minst, til alle flotte ryddarane som trossa vêret for å gjere ein innsats for lokalsamfunnet og naturen!