Vi i Runde Miljøsenter og Opplev Runde vil i høve Strandryddedagen og Frivillighetens år 2022 heidre alle strandryddarar med eit trylleshow med Miss Aurora!

Prisen for å delta på showet er ein liten pose plukka søppel per person.

Miss Aurora er berre 16 år gamal, men har alt rukket å drive med magi på scena i 10 år! Aurora tryllar like godt for barn som for voksne og dei fleste som har sett henne på scena sei at ho høyrer heime der.I tillegg til showet vil det og bli avhaldt eit lotteri der kvar pose søppel tel som eit lodd. Gevinstane i lotteriet vil bli annonsert fortløpande.

Søppelplukkinga vil foregå på eige ansvar der man måtte ønskje å plukke, alt i frå ei fjøre til langs ein vegkant. For at vi skal vere sikre på at alle som møtar opp på trylleshowet får plass må man førehandsregistrere seg i skjemaet herunder.

Søppelet kan bli bytta til billettar/lodd på Miljøsenteret mellom klokka 15:45-16:45. På miljøsenteret blir det utlevert saft til alle som har deltatt på ryddinga og i kafeen vil det vere moglegheit for å kjøpe seg noko smått. Ryddeutstyr kan bli henta på Miljøsenteret, på SSR og det vil bli oppretta nokon pick-up-points andre stadar i nærområdet. Om man ikkje vil ta turen til Runde denne dagen kan man alltids levere det plukka søppelet til miljøstasjonane til SSR når som helst gratis, men vil då ikkje kunne delta på showet eller lotteriet.

Arrangementet er delvis finansiert av Hold Norge Rent.