Denne veka auka Runde Miljøsenter staben sin med tre nye medarbeidarar. Mona Gilstad, Jenny Ullgren og Laila Alendal. Dei skal med anna bidra inn med sine fagfelt inn i ulike prosjekt som pågår ved Runde Miljøsenter.

Laila Alendal er fiskeribiolog. Ho er innleidd frå Innolipid og skal arbeide ved Runde Miljøsenter i halv stilling. Ho skal arbeide med Marin Næringsplan, nye potensielle ressursar som raudåte, betre utnytting av restråstoff, fiskeriutvikling samt bioprospektering.
Jenny Ullgren er oseanograf som forskar på havstraumar. Ho har forska på straumar i Atlanterhavet, Det indiske hav, og Arktis. Hennar forsking baserar seg fyrst og fremst på direkte målingar i felt med hjelp av ulike instrument og plattformar (som til dømes fjernmålingar ved hjelp av satellitt-data) Ho har og erfaring med målingar gjort med hjelp av fjernstyrte fartøy, som undervatnsglidarar og fjernstyrt miniseglbåt (SailBuoy) Her på Runde Miljøsenter vil ho arbeide mykje med glidarar som opererer under vatn.
Mona Gilstad har førstekompetanse i marinbiologi og har forsket og undervist ved universitet og høgskule i 15 år. Hun har også arbeidd med miljøundersøkingar i marine miljø, interkommunale kystsoneplaner og nasjonale og internasjonale prosjekter i naturbasert og bærekraftig reiseliv.

Vi ynskjer dei hjarteleg velkomne.

 

På bilete frå venstre: Laila Alendal, Jenny Ullgren og Mona Gilstad