Denne veka har vi besøk av forskarar og studentar frå NTNU Trondheim. Dei held på å teste ein USV (Unmanned Surface Vehicle) som dei har utvikla.


Her kan man sjå kor nettet som samla mikroplast skal festast.

USV-en køyrer rundt på sjøen med eit nett som samla mikroplast frå vassoverflata.


Masterstudent Catherine Deschenes held på å montere nettet på USVen.

USVen kan anten bli fjernstyrt frå eit nettbrett eller so kan den følgje ein førehandsprogrammert tur.


Andrea Faltynkova, phd-kandidat ved biologisk fakultet, er klar til å sjøsetje USVen.

Sjølv om dette hovudsakleg er ein test av utstyret blir prøven tatt med tilbake til laboratoriet i Trondheim for analyser av mengd og plasttype.