Ein kald og våt sommar har fått nordmenn til å rømme til Syden. Manuel kom andre vegen, og viste oss at naturen her kan vere vakker sjølv med skodde langt ned i nakken.

I samband med ein konferanse (sjå førre artikkel) kom Manuel Carton Esteban frå Kanariøyane til «sommar» på Runde. Han tok nokre bilete som viser at det kan vere verdt å ta turen utandørs sjølv om veret ikkje er det beste.