Ole M. Ellefsen og medforfattar Kjetil Tandstad kjem til Runde Miljøsenter og vil presentere den nye boka si «Proprietærene – Rønnebergs saga». Her fortel dei historia om Rønnebergfamilien som var dominerande over heile Sunnmøre i 200 år.

Ole M. og Kjetil har plukka ut ein del historiske bilete frå boka som dei vil fortelje meir om. Boka har allereie fått ein del mediemerksemd. Du vil få sjansen til høyre om Rønnebergfamilien her med oss på søndag.

 

Kom og kjøp årets signerte julegåve med oss!

 

Dette er siste søndagsforedraget for i år, og vi startar opp att med søndagsforedrag i januar 2017. Ny halvårsplan for søndagsforedrag våren 2017 kjem i desember.