Rundesymposiet er ein årleg nasjonal møtestad for akademia, næringsliv, organisasjonar og styresmakter med mål om å gjere ein konkret skilnad. Symposiet går av stabelen i mai, og er arrangert av Runde Miljøsenter og Havforskningsinstituttet.

I år vil fokus vere økosystemforvalting i vidaste forstand, men med vekt på vekst i DEN BLÅ ØKONOMIEN. Dette byggjer vidare på symposiet i fjor haust der det mellom anna vart argumentert for å gjere sjøvegen langs kysten til hovudvegen, Riksveg 1. Sjøvegen – den norske kystlinja – kan og bør spele ei langt meir sentral rolle for å oppnå berekraftig verdiskaping, transport og for infrastrukturutbygging i Noreg.
I den blå økonomien er det viktig å utvikle naturverdiane Norge har, og verdiane som er skapt. Korleis kan vi unngå interessekonfliktar, og korleis kan vi best leggje til rette for nye berekraftige løysingar? Korleis styrker vi samspelet mellom forsking og næringsliv i det korte biletet, men og for komande generasjonar? I år vil vi snakke om Havnasjonen Noreg 2.0.

Program for Runde Symposiet 2022