Rundesymposiet er eit todagars møte ved Runde miljøsenter med hovudtema, Havnasjonen Norge: Det grøne skiftet er blått»

I desse omgjevnadane har aktørar med kunnskap om eller interesse for havet og kyst no diskutert fleire viktige tema.

Særleg ei sak var alle samla om, nemleg at sjøvegen er vegen.

Rundesymposiet er årleg samlingsplass for akademia, næringsliv, organisasjonar og styresmakter med særleg interesse for havet som del av det blå-grøne skiftet.

Første Rundesymposium var i 2021 og bestod i år av foredrag og paneldiskusjonar om tema som havets moglegheiter og teknologiutvikling, maksimal utnytting som ikkje går ut over toleevne, bioøkonomi og nye ressursar, infrastruktur.

God plass på Riksveg 1 – men krev betre tilrettelegging

– Det grøne skiftet er faktisk blått. I Norge er vi velsigna med ein blå «superhighway» frå svenskegrensa til russegrensa. Kystlinja er vår riksveg 1 – den mest logiske og berekraftige vegen vi har. Å ta den i større  bruk er eit obligatorisk steg i møtet med klimaendringane, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne, som var medarrangør for symposiet.

Erklæringa, eller Runderopet, handlar om å flytte frakta av folk, varer og gods til sjøs, slik styresmaktene også ønsker. Men det er også ein plan på korleis vi kan få fortgang i sakene. Vi kan lese følgande:

…Vi ser at det er behov for betre infrastruktur, funksjonelle fleirbrukshamner og lågutsleppsløysingar. Omstillinga må skje  i tråd med effektiv arealbruk og omsyn til naturen.

For å oppfylle målet om meir trafikk frå land til sjø skal vi arbeide offensivt og tverrfagleg med fem sentrale punkt:

  • Heilskapleg politikk for transport og infrastruktur: Vi må fekk frå sektortenkinga, og skape gode system som integrerer dei ulike transportformene på ein effektiv og berekraftig måte. Sjøtransporten må få ein langt større plass i Nasjonal transportplan.
  • Utvikle og ta i bruk ny maritim teknologi og kompetanse som kan setje fart på omstillinga til ein klimanøytral norsk flåte. 
  • Bidra til effektiv logistikk og knutepunkt for reisande og gods: Syte for saumlause overgangar der land og sjø møtes, og transporten skal over på sjøvegen. Her spelar digitaliseringa ei nøkkelrolle; også når det gjeld å utnytte tilgjengeleg data på nye og framtidsretta måtar. 
  • Auke tempoet på elektrifiseringa og bruk av alternative energikjelder – bygge ut naudsynt infrastruktur: Skape eit nettverk av hurtigladepunkt for person- og godstransport til sjøs.
  • Utvikle og ta i bruk automatiseringsløysingar for fartøy: Legge forholda til rette for fjernstyrt og på sikt sjølvgåande skipstrafikk.