Vi er veldig glade for å kunne dele at Runde Miljøsenter har fått tildelt 750 000,- frå Senter mot marin forsøpling for vårt og Sunnmøre Friluftsråd sitt vidare arbeid med Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal!

Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal er ein samlearena for aktørar som jobbar mot marin forsøpling i fylket. Runde Miljøsenter, Sunnmøre Friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal driftar nettverket i lag. Medlemma er hovudsaklig frivillige strandryddarar, men og representantar frå bedrifter, offentleg forvaltning, renovasjonsselskap, og forskingsinstitusjonar.

Desse midlane, i lag med midlar frå Handelens Miljøfond, vil hjelpe oss å nå våre ambisjonar for nettverket det neste året.

Bilete frå nettverkssamlinga i november 2021. Foto: Vasco Pinhol