Offshore Northern Seas (ONS) er ei viktig arena og møteplass for Runde Miljøsenter (RMS). Dagleg leiar Nils-Roar Hareide og marinbiolog Claudia Erber besøkte messa i Stavanger for å styrkebandet mellom RMS og bedriftspartnarar i Noreg-Brasil samarbeidet.

Claudia Erber deltok på ulike forelesingar på messa.

– Eg la merke til at under presentasjonane dei ulike forelesarane nytta orda «Utfordringar er ein mulegheit». Dei meinte at utfordringar  ga mulegheit for å vere innovative og nyskapande innan forsking og næring for å utvikle feltet vidare. Dette syns eg er spennande,  seier Claudia.

Neste møte er i Brasil under RIO Oil and Gas allereie i september, der RMS vil delta på Innovasjon Norway sin stand.  Claudia Erber vil delta frå RMS der nettverksbygging skal vere i fokus.

 

Erber har laga ein rapport på engelsk som de kan ta ein titt på her:

https://deepseainternationalconsortium.files.wordpress.com/2018/08/brazilsession_ons2018_report.pdf

Prosjektet har også sin eigen blogg som du kan lese her:

https://deepseainternationalconsortium.wordpress.com/2018/08/28/the-brazilian-and-norwegian-collaboration-holds-future-opportunities-a-taste-of-the-brazil-session-in-the-ons2018/