Tilbodskonkurransen for Rydd Norge: Møre og Romsdal er no ferdig og Runde Miljøsenter er ein av dei som har blitt valt ut i prosjektet. Rydd Norge, etablert og finansiert av Handelens Miljøfond, er Noreg sitt første nasjonale ryddeprosjekt. Målet med prosjektet er at 40% av ytre norskekysten skal bli rydda minst ein gong innan utgangen av 2023.

Rydd Norge: Møre og Romsdal er delt inn i 4 regionar der Sunnmøre Sør er den sørlegaste. Det er friluftsråda i fylket, Sunnmøre Friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er ansvarleg for dei tre andre regionane. 

– Vi er svært fornøgde med å ha fått på plass kompetente aktørar med solid marin kompetanse i Møre og Romsdal. Det er svært viktig med den lokale kompetansen som Runde Miljøsenter har. Dei har lokal forankring og brei kunnskap om regionen som skal ryddast. No skal plastsøppelet vekk, seier Terje Eckhoff, ansvarleg for Rydd Norge: Møre og Romsdal i Handelens Miljøfond.

Runde Miljøsenter har inngått avtale med Fallgard Kystrenovasjon AS, ei vidareføring av den frivillige organisasjonen Fallgard, der dei kjem til å stå for det meste av ryddearbeidet.

– Fallgard har uvurderleg kunnskap om strandrydding i regionen etter 5 år med dugnadsarbeid, og det er vanskeleg å sjå for seg nokon betre skapt for jobben, seier Ovidie Mari Lynge som blir prosjektansvarleg.

Ute på ryddeaksjon – Fallgard i full sving med rydding på Jensholmen under Strandryddedagen 2021. Foto: Isabella Lang, Fallgard

I region 4 er det dei yste øyane i Ulstein, Herøy og Sande kommune som har blitt prioriterte, og som først og fremst skal bli rydda, i prosjektet. 

Dei prioriterte områda i prosjektet – Dei yste øyane i kommunane Ulstein, Herøy og Sande har blitt valt som prioriterte for rydding i prosjektet.