Runde Miljøsenter opna laurdag ei ny utstilling om plastforsøpling i havet. Til utstillinga var det laga ei snor med plast frå utstillinga som den spesielt inviterte gjesten Geir Wing Gabrielsen klipte.  Janne Bareksten som har skrive masteroppgåve om plastforsøpling i havet og Nils-Roar Hareide leiar på senteret, haldt i snora.

Utstillinga er laga av plast som er plukka frå ei lita strand på Stadt som heiter Drage.  Fem historier knytt til plastforsøpling i havet  om mikroplast, straumvirvlar, plast inni havhesten, havsulereir frå Runde og plastforsøpling er synt  fram ilag med «visste du» spørsmål og andre utstillingselement. Kommunikasjonsrådgivar og ansvar for utstillinga, Charlotte Hauge,  har ilag med Gry Hansen, designar og kunstnar, hatt ansvaret for utforminga av utstillinga. Michael Hundeide har stått for innsamling av informasjon og bilete.

– Konsum er ein viktig nøkkel her, fortel Charlotte, vi handlar som aldri før, og vi handlar ting med plast på. Plast forvitrar ikkje, og blir i miljøet vårt i fleire hundre år. Plast inneheld miljøgifter som skadar oss, og likevel kjøper vi store mengd med plast på butikken.

Film og foredrag
Ein film laga av Michael Hundeide og Olivia Lorot med eit lengre intervju av Geir Wing Gabrielsen vart vist fram og Geir heldt eit foredrag om plastforureining i havet, det fyrste fordraget på Runde Miljøsenter i 2017.

Geir Wing Gabrielsen er fagmann og leiar av forskingsprogram om miljøgifter ved Polarinstituttet, og hadde denne dagen ei sentral rolle i opninga av denne viktige utstillinga.

– Temaet var sjølvsagt plast i havet, der Gabrielsen delte dei siste tala og formidla kva som skjer med havet vårt. Mellom anna fortalte han at vi i snitt resirkulerer  14 prosent av all plasten vi handlar,  og mykje av den plasten vi ikkje resirkulerer hamnar i havet. Det er fortsatt mykje att å hente på å resirkulere plasten, seier Charlotte

img_7322

Kunnskap om plast
Born og unge er viktige i denne utstillinga, med  å løyse ein rebus og taktile element som ein kan røre og sjå nærare på.  Det kunne sjå ut som at det fall i smak.

– Borna var ivrige på rebusen eg har laga til og dei forstod at hinta og svar var skjult litt om kring i utstillinga. Artig å sjå at dei likte det, fortel Charlotte Hauge.

Leiarane for barnehage og oppvekst i dei nærliggande kommunane har ho teke kontakt med, og vonar at det snart kjem mykje rosaruss innom før mai.

– Men eg skal i dialog med skulane for å få til anten at dei kan kome hit på utstillinga, eller at vi tek  med element til dei, seier Hauge.

 

delavhandmedplast

Skal vidare
Utstillinga skal vidare om ei stund og skal på sin eigen turne. Ho har fått si eiga facebookside som alle kan fylgje med på viss dei ynskjer.

– Utstillinga er laga av element som kan flyttast på, og den kan like gjerne stå ute som inne. Vi vil annonsere via facebooksida til utstillinga «plast i havet» når vi gir den vidare. Vi håpar at den vil skape engasjement  blant dei som tingar utstillinga, avsluttar Charlotte Hauge

Utstillinga vil vere open fram til august, der Runde Miljøsenter vonar den får merksemd og vert besøkt av både born og vaksne.