Kjempefisken brugde vart høgt skatta av forfengelege damer på 60- og 70-talet. Det vil seie, dei visste nok knapt at det var brugdelever som gjorde huda mjuk og fin. Men fiskarane våre visste det, og gjorde gode pengar på denne haifisken etter at håbranneventyret var over.

Søndag kjem Jakob Strand til Runde Miljøsenter og fortel om brugdefangsten. Og forskar Nils Roar Hareide har samla fakta om fisken som er verdas nest største fisk og kan bli over 13 meter lang.

Det finst ikkje så mange att som var med på brugdefisket. Jakob Strand frå Gjerdsvika er ein av dei som var på fangst både langs Norskekysten og på Sør-Irland. Det var ei gruppe båtar i Sande og Herøy som dreiv dette fisket saman med nokre båtar lenger sør ved Øygarden og Fedje.

Det måtte vere svartestille, då kom brugda heilt opp i overflatestilling og låg med open munn og tok inn raudåte. Då var skutene der med harpuner og fangsta på kjempefisken, fortel Jakob Strand som søndag vil prøve å få med seg eit par til av karane som var med på brugdejakta.

Det var berre levra som vart tatt om bord. Ei lever kunne vere mellom 600-700 kg. Det sier noko om storleiken på sjølve fisken. Dei leverte lever til mottak både på Brandal og Måløy som konserverte og sende det vidare til kosmetikkindustrien. Men på 70 talet vart stoffet i brugdelevra som gjorde huda mjuk og fin framstilt syntetisk, og botnen fall ut av brugdefisket.

Brugda vandrar på djupt vatn i Nord-Atlanterne på vinteren, men kjem inn til kysten i sommarhalvåret. Det er folk i dag også som både ser brugde i sjøen og får brugde i garn. Og då vekkjer denne kjempefisken oppsikt. Det er ein hai, men ein heilt ufarleg ein. Som planktonetande fisk har brugda ikkje tenner som kan skade verken andre fisk eller folk, seier Nils Roar Hareide som fortel om fisk og vandringsmønster på Runde søndag.

Og i kafeen ved Runde Miljøsenter blir det servert heimelaga middag og kaffimat.

Arrangementet startar klokka 15.

 Jakob Strand kjem til Runde Miljøsenter søndag og fortel om brugdefisket på 60-og 70-talet. Foto: Ukjent.

Jakob Strand kjem til Runde Miljøsenter søndag og fortel om brugdefisket på 60-og 70-talet. Foto: Ukjent.