Runde Miljøsenter, i lag med SSR og grendalaget, inviterer også i år til strandrydding på Runde. I lag med resten av Norge er det 27. april som er fokusdag for ryddinga. På Runde Miljøsenter skal vi registrere, sortere og analysere avfallet før det blir innlevert til SSR.

Vi inviterer folk frå Runde og omliggande øyar til å vere med!

Oppmøte ved Runde Miljøsenter den 27. april kl. 14.00

Oppsummering og meir om havforsøpling: Grendahuset kl. 16.30

For å kunne gjere noko med søppelproblemet til havs på lang sikt, er det viktig å få informasjon om type søppel, mengder og korleis dette varierer frå stad til stad og over tid. Dataa kan då setjast inn i nasjonal og internasjonal samanheng, slik at vi i framtida kan byrje å ikkje berre rydde, men også unngå forsøpling allereie frå starten.

På Runde er det ein tradisjon å rydde i strandsona, og vi satsar på at aksjonen også i år kan koplast mot regionale, nasjonale og internasjonale ryddinga.

For meir info sjå lenkene i høgre marg eller ta kontakt med:
Runde Miljøsenter – Lise Chapman : 90 75 05 01