Kvifor er somme båtnamn meir populære enn andre? Og kvifor er somme namn nesten utenkjelege å bruke på ein båt? Granskar vi båtnamna nærare, finn vi at også dei har motebølgjer på same måten som namn på personar.

Komande søndag vil Johan Ottesen vere på Runde Miljøsenter. Han vil der gå nærare inn på kva folk la vekt på når ein fiskebåt skulle få namn: Var namnet ei oppattkalling etter ein kjend person? Namn frå norrøn gudelære har også vore populære. Mange båtar har fuglenamn. Derimot er det bortimot utenkjeleg å bruke namn på husdyr som båtnamn.

Å gje folk tilnamn fordi dei har ein skavank vert ikkje sett på som særleg humant. Derimot er lyte og ein mindre pen utsjånad noko som lett vert framheva når båtar får utnamn. I mange tilfelle veit ikkje folk flest kva som er det «rette» namnet på båten. Det er berre tilnamnet som lever på folkemunne.

Og på same måten som for dei offisielle båtnamna vil Ottesen ta for seg dei ulike typane for tilnamn.

Som vanleg blir det servert heimelaga middag og kaffimat i kafeen før og etter foredraget

Arrangementet startar klokka 15.