Marinebiolog

Runde Forsking AS ved Runde Miljøsenter har som oppgave å støtte & legge til rette for marin forsking. Vi utfører miljøundersøkingar og formidlar
informasjon om forskingsresultat og miljøtilstanden i sjøen med fokus
på kystnære område rundt Søre Sunnmøre / fugleøya Runde.

Vi har no ledig to heiltids engasjementsstillingar, og søkjer etter initiativrike personar som ynskjer å arbeide i skjeringsfeltet marin/maritim forsking der næringsretta verdiskaping står sentralt.

Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene i stillinga vil vere å utføre oppdrag som typisk handlar om å undersøke lokal belasting på marint miljø, t. d. resipientundersøking,
eller inngår i nasjonale miljøovervakingsprogram. Deltaking i forskingsprosjekt med kopling til marint miljø inngår også i stillinga.

Bakgrunn
Stillinga krev naturvitskapeleg høgskule- /universitetsutdanning med retning marinbiologi, akvatisk økologi eller liknande. Du må ha god kjennskap til plankton, botnfauna, fisk og andre marine organismar.

Du kan lese meir om stillinga her


Kontaktinformasjon: Dagleg leiar Ottar
Håkonsholm, tlf. 995 37 805.