Forfattaren Maria Parr er i desse dagane i Oslo for å passe på at språket til teateroppsetninga av « Tonje Glimmerdal» blir slik vi snakkar her. Det er ei utfordrande oppsetning av den til dels elleville og fysiske Tonje Glimmerdal. Førstkomande søndag (13 oktober) klokka 15 vil forfattaren fortelje litt om utfordringane ved å omsette barnebøker til film og teater. Ho vil også lese frå boka om «Tonje Glimmerdal»

Søndag er det duka for gløtt bakom scena både til filmen som vart innspelt på Runde og om «Tonje Glimmerdal», jenta med fart og sjøltilit, som er i ferd med å bli klargjort for premiere på Det norske Teateret i Oslo i desse dagar. I sjølvaste jubileumsåret for teateret.

Maria Parr har fylgt førebuingane både til teateroppsettinga og til filmatiseringa av bøkene sine sjøl for å få eit språk som passar med miljøet ho skriv om. Og akkurat no er ho veldig spent på resultatet av vekesvis med øving og terping på «Tonje Glimmerdal». Det er svært utfordrande å skulle omsetje den skiflygande, kjelkeflygande og påfunnsrike jentungen til ei teaterscene. Eitt er i alle fall heilt sikkert, seier Maria Parr: det blir heilt annleis enn boka. Det er også utfordrande for skodespelarane å skulle skifte språk. Men ho trur det blir bra.

Maria Parr var mykje på Runde under innspelinga av «Vaffelhjarte» som vart ein TV-suksess.No er ho tilbake og vil ta alle som møter fram med på ei reise gjennom noko av det fantastiske ho har opplevd gjennom filmatisering og teateroppsetting av bøkene sine. Og sjølsagt vil ho lese frå boka om naturbarnet «Tonje Glimmerdal».

Vi håper at mange familiar kjem for å høyre og oppleve. Og i kafeen (ope 11-18) er det god heimelaga middag, barnemeny og kaffimat.

Arrangementet startar klokka 15, og billettar kostar 50 kr eller familiebillett.