Det har no opna seg ein prosjektstilling som marin-/fiskeribiolog hos oss på Runde Forsking. Er dette noko for deg? Sjekk ut stillingsutlysinga under:
Runde Forsking AS ved Runde Miljøsenter har som oppgåve å støtte & legge til rette for marin forsking. Vi utfører miljøundersøkingar og formidlar informasjon om forskingsresultat og miljøtilstanden i sjøen med fokus på kystnære område rundt Søre Sunnmøre og fugleøya Runde.
Marin-/fiskeribiolog
Vi har no ledig heiltids engasjementsstilling, og søkjer etter initiativrik person som ynskjer å arbeide i skjeringsfeltet marin/maritim forsking og fiskerinæring.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene i stillinga vil vere å utføre oppdrag som handlar om innsamling av biologiske og sosioøkonomiske data frå fiskerinæringa. Dette er data som skal brukast i fiskeriforvaltning, og konsekvensanalysar av til dømes havvind.
Deltaking i forskingsprosjekt med kopling til marint miljø inngår også i stillinga.
Bakgrunn
Stillinga krev naturvitskapeleg høgskule-/universitetsutdanning med retning marinbiologi, fiskeribiologi, akvatisk økologi eller liknande. Du må ha god kjennskap til fiskerinæringa, fisk og andre marine organismar.
Kontaktinformasjon: Dagleg leiar Ottar Håkonsholm
tlf: 995 37 805.