Kort tid etter at Olav Haraldson døydde og fekk helgenstatus som Olav den heilange, starta pilgrimane å valfarte til Nidaros.

Frå våre kantar av landet for dei sjøvegen og stoppa langs kysten for å proviantere og for å utøve trua si. Mellom anna var Herøy ein sentral stoppestad. Sameleis St. Jetmund kyrkja på Åheim i Vanylven.

Riksantikvaren og bispedømmet har starta eit prosjekt for å friske opp att denne pilgimsleia slik det andre stader har vore gjort langs landstiane pilgrimane brukte.

Førstkomande søndag kjem fylkeskonservator Bjørn Ringstad til Runde Miljøsenter for å fortelje om arbeidet som er starta for å aktualisere desse kystpilgrimsleiene. Dei samarbeider med dei andre fylkeskonservatorane og bispedømmekontora på Vestlandet for å få til ei samanhengande opplevingsreise i spora til pilgrimane som kom frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal på veg for å be om nåde for syndene sine ved relikviene etter Olav den Heilage i Trondheim.

Fylkeskonservatoren ser føre seg at dette arbeidet kan bli eit verdiskapingsprosjekt som også reiselivsnæringa kan gjere seg nytte av på same måten som pilgrimleia frå Austlandet til Trondheim landevegen. Det er gjennomført eit forprosjekt, og håpet er at dei skal kome i gang med hovudprosjektet like over nyttår, fortel Bjørn Ringstad.

Søndag vil han ta føre seg dei mest aktuelle områda i Møre og Romsdal der Herøy, St. Jetmund kyrkja på Åheim i Vanylven, Giske, Veøya, Borgund, Tingvoll, Bud og Grip er sentrale stoppestader.

Dette er det siste foredraget i ei rekkje foredrag kvar søndag ved Runde Miljøsenter i haust. På grunn av svært god mottaking, kjem desse foredragseriane til å halde fram på nyåret.

Og kafeen er open for middag og kaffimat både før og etter foredraget.

Arrangementet startar klokka 15.