Vil du bli med på utviklinga av eit fantastisk konsept, med fjell og storhav som næraste nabo og inspirasjon?

Ønska kvalifikasjonar

  • Du må være interessert i natur og naturopplevingar, og ha eit ønske om å bruke den som inspirasjon
  • Du må være kreativ, nysjerrig, og ha lyst å bli med å utvikle eit nytt konsept i ei spanande reiselivssatsing
  • Fagbrev som kokk eller tilsvarande, gjerne erfaring fra liknande stillingar
  • Du bør ha kunnskap om norsk mat og mattradisjonar, og eit ønske om å bruke lokale råvarer i både tradisjonell og moderne matlaging
  • Må kunne kommunisere på eit av dei skandinaviske språka, og like å ha kontakt med gjestane
  • Det er ein fordel å ha førarkort og eigen bil

Arbeidsoppgåver inkluderer mellom anna:

  • Du vil ha ansvaret for den daglege drifta av kjøkenet
  • Utvikling av matkonsept og oppsett av menyar, med høg fokus på bærekraft
  • Bli med på opplegg utandørs med gjestane våre i delar av året

Personlige eigenskapar:

  • Du blir motivert av å få drive med utvikling
  • Du er ansvarsfull, fleksibel, nøyaktig, og er flink til å finne gode løysingar
  • Du sett pris på naturen, og ønsker å bidra til gode totalopplevingar både ute og inne

Me tilbyr:

  • Fast ansettelse i 100% stilling
  • Løn etter avtale
  • Spanande og varierte arbeidsdagar og sesong
  • Du får tilgang til lokale, kjempegode råvarer, og får muligheta til å bruke kreativiteten din
  • Tilgang på eit fantastisk turområde, enten du likar deg på fjellet eller i fjøra

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga!

Kontaktperson: Cecil Elisabet Nerbø
Stillingstittel: Dagleg leiar
Telefon: 70080800
Epost: cecil@runde.no