Runde forsking er partner i eit prosjekt for å legge til rette for formidling om  fornybar energi på skular og for ålment interesserte.

Nasjonalt vindenergisenter på Smøla, Tingvoll Sol- og bioenergisenteret og Newtonsenteret på Sunndalsøra er dei andre partnarane i prosjektet, som er støtta av Møre og Romsdal Fylke, NEAS, Tafjord kraftproduksjon, Statkraft og Tussa kraft.

29. juni vart det arrangert ei samling for prosjektgruppa og sponsorane på miljøsenteret. Døme på gjennomført formidling mot skuleklasser og andre vart gjennomgått, med påfølgjande diskusjon om kva som kan forbetrast og kome som framhald. Det er utarbeidd eit sett med roll-ups som omhandlar ulike former for fornybar energi, desse kan interesserte få digital kopi av, til eige bruk. Prosjektet vil fortsette til ut 2022.

Spørsmål om prosjektet kan rettast til Lars Golmen,  lars@rundecentre.no, tlf. 47890957, eller Lovise Sæter,  lovise.saeter@norsok.no, tlf. 413 22 610.