Blog

ERSTATTAST AV DIGITAL SAMLING!!! Møt frivillige strandrydarar, forskarar og fiskerinæring – invitasjon til seminar i Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre

Då er det enda ein gong tid for å løfte fram det frivillige engasjementet til strandryddararne på Sunnmøre! Her frå seminaret i november 2019. Foto: June R. Johansen, Sunnmøre Friluftsråd


MERK: GRUNNA KORONA UTGÅR DET FYSISKE SEMINARET OG ERSTATTAST AV EIT DIGITAL!!! 

INFO OM DET DIGITALE SEMINARET ​FINN DU HER!

Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre inviterer på seminar om plast i havet!

Seminaret er opent for alle som er interessert i temaet - private, næringsaktørar, offentlege institusjonar - her er alle velkomne! I nettverket trur vi på at samarbeid er den beste måten å løyse utfordringar knytt til plast i havet!

På seminaret kan du få møte engasjerte frivillige strandryddarar, forskarar, private næringsdrivande og offentlege forvaltningar – alle vil fortelje om korleis dei jobbar med temaet og saman vil vi tenke ut nye løysingar.

Laurdag 14.11. kl. 10-18 har vi faglege innlegg og diskusjonar. Dei som har lyst på meir sosialt samvær kan kome allereie på kvelden fredag 13.11. til middag og mingling.

Heile arrangementet går føre seg på Melshorn Hotell på Hareid. Nettverket dekker mat og opphald slik at arrangementet er gratis å delta på.

Programmet er enda under arbeid, men vi har så langt fått med dagleg leiar for Egersund Herøy AS, Vidar Knotten. Egersund Herøy AS er ein totalleverandør av trålreiskap, nøter og handelsvarar til fiskeflåten. Dei leverer også utstyr og løysingar til offshorenæringa og landbasert industri og vil fortelje korleis dei jobbar med marin forsøpling.

Paul Harald Leinebø har lang fartstid i fiskeriet, i organisasjonar og eigar i dag mellom anna langlinebåten Leinebris og eksportselskapet PHLSeagold. I sommar tok han eit oppgjer med eiga næring på toppen av Rundabranden som formann i FiskebåtVest og unnskylde for fortidas plastsyndar. Paul Harald Leinebø vil fortelje om endringane som har skjedd i næringen og korleis Leinebris jobbar for å unngå marin forsøpling.  

Vi har også med oss Jakob Bonnevie Cyvin frå NTNU. Jakob er ein av de forskarar som har undersøkt mikroplast langs kysten av Trøndelag, og som nå har søkt prosjektmidlar for å undersøke kysten på Sunnmøre. Jakob vil også ta med seg et berbart spektrofotometer som på et augeblikk kan avsløre kva for type plast strandfunna våre er laga av.

Vi skal høyre frå aktive frivillige strandryddarar om korleis dei jobbar og tilstanden på dei strendene dei ryddar.

Havforskingsinstituttet har laga ein modell for kor plast strandar her i området og vi skal sjå om den stemmar overeins med erfaringane til dei som ryddar.

Dette og mykje meir kan du bli med på!

Program for seminaret:

Fredag 13.11.

Kl. 18:00 og utover: Ankomst og innkvartering

Kl. 20:20: Middag og mingling

Laurdag 14. november:
Kl. 10:00 - 18:00
Foredrag og workshops med forskjellige aktørar.
Lunsj
Innlegg frå frivillige og andre aktive ryddarar

Evaluering av ryddeåret 2020  
Vegen videre for nettverket 2021

Vi oppdaterer med eit meir detaljert program når vi har det klart.

Det er fullt mogleg å berre verre med på laurdagens program, ang ved påmelding om du ynskjer å vere med begge dagar eller berre laurdag.

Vi tek smittevern på alvor og legg til rette for eit trygt seminar for alle.

Frist for påmelding er torsdag 5. november! Påmelding er bindande og ein er fyrst sikra plass når ein er meldt på via denne lenken: https://bit.ly/2TNh3YF

Lurar du på noko så ikkje nøl med å ta kontakt med nettverkskoordinator Louise Tackmann, louise@rundecentre.no eller tlf. 93995853.

MERK: GRUNNA KORONA UTGÅR DET FYSISKE SEMINARET OG ERSTATTAST AV EIT DIGITAL!!! 

INFO OM DET DIGITALE SEMINARET FINN DU HER!

Det blir godt tid til prat og erfaringsutveksling undervegs. Foto: June R. Johansen, Sunnmøre Friluftsråd

Nettverkets arbeid er gjort mogleg gjennom støtte frå Handelens Miljøfond og Miljødirektoratet

By |30. October 2020|Nyhende, Seminar og kurs|Comments Off on ERSTATTAST AV DIGITAL SAMLING!!! Møt frivillige strandrydarar, forskarar og fiskerinæring – invitasjon til seminar i Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre|

Ny rapport om havenergi og miljøverknadar

Ny rapport om havenergi og miljøverknadar
I juni 2020 kom den nye State of the science rapporten om miljøverknadar av havenergianlegg. Den er ei oppdatert og utvida utgåve av rapporten som kom i 2016. I den 320 siders rapporten kan du finne informasjon om det meste av dei verknadane på det omgjevande miljøet som er […]

By |13. August 2020|Nyhende|Comments Off on Ny rapport om havenergi og miljøverknadar|

Havvind og miljøet

Havvind og miljøet
Det er mykje diskusjon om vindkraft til havs; om kva verknader anlegga kan ha på marint miljø og sjøfugl m.m. I utgangspunktet skal vindkraft vere eit positivt bidrag i omstillinga til eit utsleppsfritt samfunn. Ulempene må imidlertid belysast, dokumenterast og reduserast så mykje som råd. Lars Golmen ved Runde Miljøsenter er med […]

By |27. May 2020|Nyhende|Comments Off on Havvind og miljøet|

Støvsuge fjøra – går det an?

Støvsuge fjøra – går det an?

Det går faktisk an å støvsuge fjøra. Ikkje med ein vanleg støvsugar naturlegvis, men med ein lauvsugar. Ein slik maskin som vanlegvis blir brukt til å bli kvitt blad på plenen om hausten.

Men kvifor i det heile tatt drive å støvsuge fjøra? Kva skal det vere godt for?

Har du nokon gang vore med på strandrydding? Då er det gode sjansar for at du har kome bort i ørsmå kuler av isopor, fibrar frå tau eller andre plastbitar som har vorte brotne ned og blitt så små at det ikkje er sjans i havet til å plukke dei opp for hand. Dette er ein veldig stor frustrasjon for mange strandryddarar, då det har mangla gode metodar til å plukke dei opp.

Her på Runde Miljøsenter kom vi igjen bort i dette problemet i januar da vi fjerna den gamle flytebrygga vår med flyteelement av isopor. Sjøanemonar og andre smådyr hadde festa seg på undersida av flytelementa og fått isoporen til å smuldre opp. Mange småbitar av isopor hadde blitt skylt opp på land allereie og då vi fjerna brygga flassa det av endå fleire bitar i prosessen. Dette var absolutt ikkje meininga. Men korleis rydde det opp?

Alle mann på senteret var ute og prøve å rydde opp småkulene, utan at det monna på ordentleg. Så fekk marinbiologen Roger Kvalsund ein tanke. Kva med desse lauvblåsarane som brukast i hagar? Nokon av dei kan jo også suge! Det kravdest litt googling, men etter kvart fann vi ut at i Grimstad Kommune nede på Sørlandet hadde de faktisk brukt lauvsugarar til å rydde etter eit stort utslepp av isopor i 2019. Og dei kunne fortelje at sugarane var veldig effektive. Vi fekk anbefaling på den modellen av sugar som dei synst hadde funka best. Og det ende opp med at Runde Miljøsenter investerte i eigen lauvsugar. Den har funka heilt nydeleg for oss, og området der den gamle brygga låg er nå tusenvis av isoporkuler reinare.

Men historia skal ikkje stoppe her. Oppreinsking av isopor og anna mikroplast har vore ein kjelde til stor frustrasjon for dei engasjerte strandryddarane som er medlemmar av Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre som Runde Miljøsenter og Sunnmøre friluftsråd starta opp i 2019. Derfor blir det no jobba med å skaffe fleire lauvsugarar og gi medlemmane i nettverket høve til å nytte dei i ryddinga si. Vi gler oss over å endeleg ha funne ein måte å rydde opp mikroplast, og ser fram til at Sunnmørskysten skal bli kvitt millionvis av isoporkuler og andre små plastbitar...

Slik såg det ut før

Slik såg det ut etterpå

Resultatet frå fyrste test. Tusenvis av småkuler er suget opp. Ein del tørt gras følgjer med.

By |7. April 2020|Nyhende|Comments Off on Støvsuge fjøra – går det an?|

Alternativ ryddeaksjon 14. mars

1. Analyse av det som vart funnet 2. Oddmar Remøy testar ut 1. versjon av fjørepølsa si. Dette kjem nok etterkvart til å bli eit bra reiskap til rydding på vanskeleg tilgjengelege plassar.

Avlyst ryddeaksjon - men vart rydda ein del allikavel

Grunna korona vart det ikkje storaksjon 14. mars, men Sørstranda og Katrinavika på Runde vart likevel plukket 68kg søppel finare. Tau og taubitar samt landbruksplast var klart det vi fant mest av. Men en del kom også frå søppelbrenning i fjøra – her fant vi 8,4 kg smelta glasbitar, ein god del smelta plast, samt gammalt jernskrot. Elles fant vi både kort- og langreiste klassikarar som isopor, flasker og korkar, patronhylser, skyteledning, q-tips og biofilmbærare frå reinseannlegg.

Runde Miljøsenter vil gjerne takke for interessa for Før Fuglane Kjem arrangementet! Husk at du også kan rydde strendene der du bur eller luftar hunden og at alt nyttar! Men husk også at helse kjem før plast, så bruk sunn fornuft og følg retningslinene til folkehelseinstituttet. Vi satsar sterk på at vi ses på Runde når situasjonen har normalisert seg og fuglane har forlat reira sine.

Pippip Ferner finn tau

Kontaktopplysingar

E-post: booking@rundecentre.no
Telefon: 7008 0800

Rundavegen 237
6096 Runde

By |19. March 2020|Aktivitet på senteret|Comments Off on Alternativ ryddeaksjon 14. mars|

Søndagsføredrag 15. mars – Kan kunsten redde havet?

Opning av utstilling med Pippip Ferner

Kan kunsten redde havet? AVLYST!

Situasjonen med Korona viruset er i rask utvikling og det er berre tidspørsmål før også vår region blir ramma.
Ved Runde Miljøsenter (RMS) er vi opptatt av å forebygge smittespreiing og vi må derfor sette i verk tiltak.
Etter råd og pålegg frå myndigheitene blir det blir sett i gang til tiltak i kommuner, andre offentlege institusjonar slik universitet. Det er også sett i verk tiltak i ei rekkje og private bedrifter.

Arrangement
Myndigheitene har sett inn tiltak og lagt inn avgrensingar på gjennomføring av offentlege arrangement. Det er også utarbeidd rutinar for risikovurdering ved gjennomføring av arrangement.
RMS har gjennomført risiko vurdering i tråd med Folkehelseinstituttet sin retningsliner.
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/anbefalinger-ved--store-arrangementer-knyttet-til-koronasmitte-i-norge/#planlegging-og-risikovurdering

Som eit forebyggande tiltak har Runde Miljøsenter bestemt seg for å utsetje strandryddarksjonen på Runde den 14. g 15. mars til seinare.
RMS har laga program for søndagsforedrag med åpen kafé for vårsesongen. Alle slike arrangement vil bli avlyst fram til påske.

Informasjon frå helse myndigheitene
Helsemyndigheitene sender jamleg ut oppdatert informasjon om situasjonen.
Fakta og råd finn du her:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/
https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

Opning av utstilling og føredrag på Runde Miljøsenter. 

Runde Miljøsenter og Herøy Kunstlag er stolte av å kunne presentere utstillinga «Plastic Revisited» av Pippip Ferner. I år var Pippip finalist til Gullklypa – Hold Norge Rent sin pris for eldsjeler/organisasjonar som gjer ein ekstraordinær innsats for eit ryddig lokalmiljø.
Søndag 15. mars blir det offisiell opning av utstillinga og i den anledning vil Pippip halde eit føredrag om arbeidet sitt under tittelen «Kan kunsten redde havet?» Etter foredraget vil det bli høve til å prøve seg som plastkunstnar for dei som har lyst.

Program for dagen:
Kl. 13:00 Dørene opnar
Kl. 15:00 Føredrag – «Kan kunsten redde havet?»
Kl. 16:00 Snorklipping, Pippip viser rundt i utstillinga
Kl. 16:30 Workshop – prøv deg som plastkunstnar
Kl. 18:00 Senteret stenger

Arrangementet er gratis, det vil vere høve til å kjøpe middag, kaffi og kake i kaféen før og etter føredraget.
Følg også med hendinga på Facebook.

Stad: Runde Miljøsenter
Dato: 15. mars
Ope: 13:00 - 18:00
Foredrag: 15:00 - 16:00
Følg hendinga på Facebook.

Det blir ope kafé og utstilling. Vi serverar to middagsrettar og eit utval av kaker.

Om prosjektet «Plastic Revisited» 

Prosjektet «Plastic Revisited» rettar søkelyset på marin plastforsøpling.
Prosjektet består av små og store vevde og strikka installasjonar av funnen mjukplast (posar, emballasje, fiskesnøre, fiskegarn, tau mm) der Pippip Ferner utforskar handverksmetodar innan tekstiltradisjonen for å belyse miljøproblemet.

I over 10 år har Pippip Ferner jobba med tema rundt marine organismar og deira sjansar til å overleve i eit hav som blir varmare, surare og fyllest med plast og alle miljøgiftene som følgjer med plasten. Dette påverkar alt frå små plankton til større marine dyr. Artar er trua og forsvinn raskare enn normal evolusjon skulle tilsei, noko som får dramatiske konsekvensar for havets evne til å forsyne oss med ressursar som vi har tatt som ein sjølvfølgje.

Pippip plukkar plast dagleg, langs vegen, i skogen og langs kysten. Plasten vert sortert i to hovudkategoriar, hardplast og mjukplast. Til dette prosjektet vert all mjukplast brukt. Til no har ho funne plast tilsvarande ca. 3000 posar. I tillegg kjem mjukplast frå hushald, jordbruk, fiskerinæring og industri. Alt blir vaska, klipt, for så å bli strikka, vevd eller fletta. Plastproblematikken blir gjort synleg gjennom handverk som normalt blei sett på som tradisjonelle, feminine og daglegdagse syslar.

På utstillinga på Runde viser ho blant anna ein to meter brei strikka installasjon sett saman av fleire remser strikka av plastposar og som flyt utover golvet. Dei vevde arbeida er laga av funnen plast frå delar av presenningar, plastsekkar, plast frå byggeindustri, rundballplast, palleplast, fiskerirelatert tau, fiskegarn mm. Dette er same materiale som går igjen i havsulereira på Runde.

På avstand ser arbeida forlokkande ut og står fram som om dei er laga av eit naturmateriale. Ved nærare ettersyn ser ein at det er plast. Det som ser ut som mjuke lange ulltrådar er nylontau og såkalla «dollyrope». Desse trådane er stive og heile arbeidet har ein eim av olje, gammal tang og plast. Et paradoks med desse plastarbeida er at dei ikkje toler sol eller dagslys over tid. Hundrevis av timars arbeid vil falme og smuldre opp til små bitar, og kunstverket vil gå over til å bli mikroplast og deretter nanoplast.

Kven er Pippip Ferner?
«Jeg bor og arbeider i Asker, har bakgrunn som grafisk designer / illustratør, men sa opp alle kundene mine i 2005 for å få mer tid til kunsten. Mitt hovedområde er maleri, tegning og skulptur, men de siste tre årene har jeg jobbet mest med installasjoner av funnet plast. Jeg er også aktiv i Guerrilla Plastic Movement.
Kunstprosjektene har alltid hatt et økologisk fokus - de siste ti årene med fokus på marint mangfold i et hav som blir varmere, surere og fylles med plast og miljøgifter.

Havet har alltid fengslet meg. Ser jeg tilbake, sees en nysgjerrig pike på oppdagelsesferd etter skjell og tanglopper i fjæra. Like nysgjerrig som i barneårene, mønstret jeg på forskningsskipet G.O Sars i 2012 for å lære mer. Forskerne ombord introduserte meg til en fantastisk verden av nerdete kunnskap, som ga enda større grunn til å fortsette å fokusere på marint mangfold i kunsten.

Jeg bruker mitt privilegium som kunstner til å presentere forskningen fra et ikke-vitenskapelig synspunkt. Metoden min er kanskje mer vitenskapelig enn innholdet - jeg gjør undersøkelser innen både teknikk og tema, dissekerer og analyserer kildene for å forstå struktur og mening, for så å “oversette” denne informasjonen og gjøre det til mitt. Enten det er fabulerende og detaljrike tegninger av en sjøpungs anatomi, fordøyelsessystemet til en kråkebolle, monumentale skulpturer av funnet plast, humoristiske småfigurer, strikkede/ vevde installasjoner, foredrag og plastverksted for barn og voksne - det henger sammen og drivkraften er å skape engasjement, undring og endringsholdning».

Har du lyst å bidra i kampen mot plasten?
Laurdag 14. mars er det ryddedugnad på Runde med storaksjonen «Før fuglane kjem». Les meir om ryddekasjonen her

Velkommen på føredrag og utstilling!

Kontaktopplysingar

E-post: booking@rundecentre.no
Telefon: 7008 0800

Rundavegen 237
6096 Runde

By |4. March 2020|Aktivitet på senteret|Comments Off on Søndagsføredrag 15. mars – Kan kunsten redde havet?|

Før fuglane kjem 14. mars 2020

Havsulene i fuglefjellet brukar store mengder plast i reira sine. Foto: Bård Øyvind Bredesen

Før fuglane kjem ryddar vi – også i år! AVLYST!

Situasjonen med Korona viruset er i rask utvikling og det er berre tidspørsmål før også vår region blir ramma.
Ved Runde Miljøsenter (RMS) er vi opptatt av å forebygge smittespreiing og vi må derfor sette i verk tiltak.
Etter råd og pålegg frå myndigheitene blir det blir sett i gang til tiltak i kommuner, andre offentlege institusjonar slik universitet. Det er også sett i verk tiltak i ei rekkje og private bedrifter.

Arrangement
Myndigheitene har sett inn tiltak og lagt inn avgrensingar på gjennomføring av offentlege arrangement. Det er også utarbeidd rutinar for risikovurdering ved gjennomføring av arrangement.
RMS har gjennomført risiko vurdering i tråd med Folkehelseinstituttet sin retningsliner.
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/anbefalinger-ved--store-arrangementer-knyttet-til-koronasmitte-i-norge/#planlegging-og-risikovurdering

Som eit forebyggande tiltak har Runde Miljøsenter bestemt seg for å utsetje strandryddarksjonen på Runde den 14. g 15. mars til seinare.
RMS har laga program for søndagsforedrag med åpen kafé for vårsesongen. Alle slike arrangement vil bli avlyst fram til påske.

Informasjon frå helse myndigheitene
Helsemyndigheitene sender jamleg ut oppdatert informasjon om situasjonen.
Fakta og råd finn du her:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/
https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

14. mars arrangerer Runde Miljøsenter, Runde Grendalag, og Hold Norge rent i lag med, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Statens naturoppsyn, Norsk Ornitologisk Forening og Skjergardstenesta v/Sunnmøre Friluftsråd ein ryddedugnad for å rydde øya før fuglane kjem.

Vinterstormar og springflo skyl ikkje berre tang og tare opp på strendene. Med seg har havet også store mengder med plast og anna søppel som endar opp der sjøfuglane ferdast når dei er her hjå oss. Mange vert overraska når dei ser kor mykje plast det er i reira til havsulene. Tauverk, garnrestar og delar av trålposar utgjer ein stor del av reirmaterialet deira.

Men plasten i havet har også andre konsekvensar – fugl set seg fast i garn og druknar, eller spis små plastbitar som skadar magen eller fyller den opp slik at fuglane svelt ihel. Store plastbitar vert brotne ned til mikro- og nanoplast som kan gå over i vevet til dyra, bli oppkonsentrert gjennom næringskjeda og ende på tallerkenane våre.

Strandrydding er eit av dei mest effektive tiltaka vi kan gjere for å reinse havet for plast, fordi vi forhindrar at søppelet blir malt opp i fjøra eller blir drege med attende til havet ved neste storm. 

Stad: Runde Miljøsenter
Dato: 14. mars
Ope: 11:00 - 15:00

Følg hendinga på Facebook.

Program for dagen

Kl. 11:00 Pippip Ferner opnar dugnaden
Kl. 11:15 Praktisk info om dagen
Kl. 11:25 Alle reiser ut på rydding/båttur
Kl. 14:00 Rydding slutt, Pippip Ferner viser fram utstillinga si
Kl. 14:15 Oppsummering av dagens rydding, servering av sveler og kaffi
Kl. 14:30 Høgtlesing med Ina Giske frå «Sjøhesten Hippo og plasten i havet»
Kl. 15:00 Vel heim!
Dei som har lyst blir igjen til nettverkssamling 🙂

Vi legg opp til ei enkel servering for dei frivillige som ryddar. 

Les meir om Pippip og Ina her (PDF)

Les meir om utstilling og føredrag sundag 15 mars med Pippip Ferner her

Lyst til å vere med på ei viktig sak?

Ingen kan rydde alt, men saman får vi til mykje. I 2018 rydda ca. 80 frivillige 1,7 tonn søppel på Runde på berre nokre få timar. Alle bidrag monnar og alle kan vere med, store som små!

I år vert Før fuglane kjem arrangert 14. mars på Runde Miljøsenter. Ryddedugnaden vert opna av kunstnaren Pippip Ferner, og du kan få en sniktitt på utstilliga hennar «Plastic Revisited» som vert opna 15. mars. Det vil bli servert mat og etter aksjonen blir det litt søtt. Ina Giske vil lese høgt frå den nye boka si «Sjøhesten Hippo og Plasten i Havet». For dei som ryddar blir det i tillegg høve til å bli med på båttur rundt fugleøya, om veret tilet det.

Så ta med familien til vakre Runde til ein meiningsfull dag, der dokke får bidra til ei viktig sak og lære meir om kvifor du kan utgjere ein forskjell.

Ynskjer fleire frivillige
Runde Miljøsenter oppmodar også klubbar om å kome å få med seg denne dagen. Dette er ein dag for store opplevingar og ny kunnskap. Er du dykkar, fotograf, kajakkar, speidar eller liknande, meld deg og klubben din til Louise Tackmann (louise@rundecentre.no)

Alle er velkomne til dugnad
Vi inviterer lokalbefolkning, politikarar, forskarar og alle andre som vil vere med til ein dag langs fjøra, der vi byd på noko å bite i, føredrag, høgtlesing og båttur.

Påmelding er ikkje naudsynt, det er berre å møte opp!
Følg også med på arrangementet på Facebook.

Nettverk
Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre samlar frivillige, næringar og offentlege mynde frå heile Sunnmøre i kampen mot marin forsøpling. Etter ryddedugnaden vert det høve til å bli igjen og diskutere erfaringar frå strandrydding med medlemmar i nettverket. Alle med interesse for saka er velkomne til å være med.

Om prosjektet: Før fuglane kjem

Prosjektet Før fuglane kjem er eit prosjekt som har som mål å rydde viktige hekkeområde for marin forsøpling før hekketida startar, og før ferdselsforbodet trer i kraft. Fuglevener har peika på at Strandryddedagen er lagt midt i hekkesesongen, og det er sjølvsagt ei utfordring. Fuglane er spesielt sårbare i eggleggings- og rugefasen. Snart kjem sjøfuglane attende til Runde for å hekke og vi ønsker å reinske øya for mest mogleg søppel før dei kjem.

Sjå her for meir informasjon om prosjektet Før fuglane kjem frå Hold Norge rent

Økonomiske støttespelarar for aksjonen
Aksjonen er finansiert av Hold Norge Rent og blir støtta av Miljødirektoratet og Handelens Miljøfond.

Kontaktopplysingar

E-post: booking@rundecentre.no
Telefon: 7008 0800

Rundavegen 237
6096 Runde

By |4. March 2020|Aktivitet på senteret|Comments Off on Før fuglane kjem 14. mars 2020|

Søndagsforedrag 8. mars – Ekspedisjon til Nordpolen

Ekspedisjon til Nordpolen

Skipssjef Geir Martin Leinebø frå Herøy og islos Andreas Kjøl frå Kystverket i Ålesund på Nordpolen den 21. august 2019

Ekspedisjon til Nordpolen

Onsdag 21. august 2019 klokka 09.32 nådde Kystvaktskipet «Svalbard» Nordpolen, som første norske fartøy nokon sinne.

To sentrale personar i gjennomføringa av ekspedisjonen var skipssjef Geir Martin Leinebø frå Herøy og islos Andreas Kjøl frå Kystverket i Ålesund. Desse to kjem til Runde Miljøsenter den 8. mars for å halde føredrag om ekspedisjonen.

Ekspedisjonen var organisert av Nansen Senter for Miljø- og Fjernmåling i Bergen og forskarar frå forskingsmiljø verda over tok del. Føremålet med toktet var å sette ut måleinstrument som skal samle inn miljødata om atmosfæren, havisen og havet under isen i Arktis. Ny kunnskap om dei underliggande prosessane som påverkar smeltinga av havisen, kan gi betre prognoser om klimaet.

Leinebø og Kjøl er begge utdanna navigatørar med mange års erfaring frå polare strøk. Dei vil vise bilde og fortelje om gjennomføringa av ekspedisjonen og om korleis dei greidde å ta seg fram til polen og om dei ulike forskingsaktivitetane som vart gjennomført.

Stad: Runde Miljøsenter
Dato: 08. mars
Ope: 13:00 - 18:00
Foredrag: 15:00 - 16:00
Pris foredrag: 75 kr
Barn 0-16 år gratis

Det blir ope kafé og utstilling. Vi serverar to middagsrettar og eit utval av kaker.

Kontaktopplysingar

E-post: booking@rundecentre.no
Telefon: 7008 0800

Rundavegen 237
6096 Runde

By |3. March 2020|Aktivitet på senteret|Comments Off on Søndagsforedrag 8. mars – Ekspedisjon til Nordpolen|

North Atlantic Seabird Seminar 20th and 21st of April 2015

North Atlantic Seabird Seminar – Island of Runde, West-Coast of Norway

 

What is happening with the seabirds in the North Atlantic? What can we do?

 

In previous times puffins and other seabirds were an important food supplement to the people who lived along the coast of the North-Atlantic. Now, instead, they have become food for the […]