Aktiviteter på senteret som er opne for publikum.

Vårsesongen 2015

Gode,lokale historier opnar vårsesesongen

Runde Miljøsenter har hatt suksess med søndagsarrangementa sine der folk møtest for fagleg underhaldning og god mat. Det har vorte ein god møteplass for heile regionen.

Første mann ut er historie forteljaren John Osnes, veterinæren som har reist land og strand rundt i alle fjøs på ytre Søre.. Samstundes som han har […]

  • Tobis
    Permalink TobisGallery

    Søndagsforedrag 30. november: Tobis som mat til fugl og fisk

Søndagsforedrag 30. november: Tobis som mat til fugl og fisk

Den vesle, syllignande  tobisfisken som grev seg ned om natta, er ein viktig del av maten til andre fisk og fugl på kysten vår. Kan han ha noko med fuglebestanden på Runde å gjere? Og kva har denne silfisken hatt å seie for fiskerinæringa i regionen vår? Søndag 30. november vil Runde Miljøsenter sin […]

  • Makrellstørje
    Permalink MakrellstørjeGallery

    Søndagsforedrag 23. november: Makrellstørje v/Nils Roar Hareide

Søndagsforedrag 23. november: Makrellstørje v/Nils Roar Hareide

På søndag inviterer Runde Miljøsenter til foredrag om Makrellstørje. Nils-Roar Hareide vil fortelje om fisken og fiskeriet. Han vil vise film og bilete frå prøvefiske på 1990-talet utanfor Sunnmøre, og fortelje om biologien og levemåten til denne spesielle fisken. Fiskarar som dreiv dette fisket på 50- og 60-talet er inviterte, og vil bidra med […]

  • Akerendamfunnet. Undersjøiske undersøkelser.
    Permalink Akerendamfunnet. Undersjøiske undersøkelser.Gallery

    Søndagsforedrag 16. november: Akerendam og nye undersjøiske funn v/Arild Marøy Hansen

  • Arild Marøy Hansen

Søndagsforedrag 16. november: Akerendam og nye undersjøiske funn v/Arild Marøy Hansen

Søndag 16. november kjem Arild Marøy Hansen frå Sjøfartsmuseet Bergen til Runde Miljøsenter for å fortelle om Akerendam og andre spennande undersjøiske funn.

Det vert to føredrag:
* Kl. 15: Leia som historieforteljar
* Kl. 16: Akerendam. Om Skipet, kompaniet og verksemda

Pris for begge føredraga: kr 75

Utstilling og kafe er open frå kl. 13.

Ikkje noko funn på […]

  • Roger Engvik på post
    Permalink Roger Engvik på postGallery

    Søndag 9. november: Havørna – kystens majestet. Foredrag og film v/ Roger Engvik

Søndag 9. november: Havørna – kystens majestet. Foredrag og film v/ Roger Engvik

Gjennom 10 år har fotografen og fuglekjennaren Roger Engvik filma og fotografert ørn til ein flott naturfilm. Førstkomande søndag er Engvik på Runde Miljøsenter for å vise og fortelje om filminga og om ørnene han har hatt nærkontakt med. Han vil også fortelje om opphaldet på Runde då han laga fugleboka frå øya.

 

«Havørna – […]

Søndag 2. november: Arkeologiske funn i Herøy

Dei arkeologiske funna som er gjort i Herøy er prov på at folket her ute i øyane allereie i yngre steinalder hadde kontakt med dei baltiske landa.
Komande søndag på Runde Miljøsenter fortel arkeolog Morten Ramstad om kva han og dei andre arkeologane har funne ved utgravingane dei siste åra.

Det har vore mange utgravingar i […]

  • Permalink Gallery

    Søndag 26. oktober: Håbrann – Kjempefiskane er på veg tilbake

Søndag 26. oktober: Håbrann – Kjempefiskane er på veg tilbake

Håbrann er ein hai som blir opp til 250 kg. Den var tidligare svært vanleg langs Norskekysten. På 50- og 60-talet vart det drive eit omfattande fiskeri etter denne haien. Mange båtar og mykje mannskap frå Sunnmøre var involvert i dette fisket som foregjekk langs Norskekysten, vest om Irland og utanfor Canada og Vest-Afrika. […]

Søndag 19. oktober: Vardbåtar og havstraumer

I påska var det 250 born som laga leikebåtar ved Runde Miljøsenter. Båtane vart sett ut frå moloen på Runde og dei dreiv av gårde med vind og straum.

Alle båtane var merka med eige nummer og telefon nummer og webadresse til Runde Miljøsenter.
Til no er det gjenfunne 87 båtar. Desse er registrerte og posisjonane […]

Søndag 12. oktober: Trude Teige til Runde

Forfattaren Trude Teige brukar oppvekstmiljøet sitt på Sunnmøre når ho skriv romanar og krimbøker. Førstkomande søndag kjem ho til Runde Miljøsenter for å fortelje om bakgrunnen for tema ho tek opp i bøkene sine.

Trude Teige har hatt suksess som krimforfattar, og den siste boka hennar «Jenta som har sluttet å snakke» er hovudbok i […]

  • Permalink Gallery

    Søndag 28. september: Alv Ottar Folkestad fortel om tilstanden i fuglefjellet i år.

Søndag 28. september: Alv Ottar Folkestad fortel om tilstanden i fuglefjellet i år.

Lundefuglen har framleis problem med å få fram ungar, og Skarveura og lomviplassen er framleis tome. Men likevel ber årets teljing og granskingar bod om litt optimisme for fuglefjellet på Runde, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad som har fylgt fuglefjellet gjennom fleire tiår. Førstkomande søndag blir han på Runde Miljøsenter for å rapportere frå […]