Aktiviteter på senteret som er opne for publikum.

Søndag 16. mars: Frå såre fingrar til automatisk egning

Banklinefisket har tradisjonelt vore eit av dei viktige fiskeria på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane. Det er det framleis sjølv om talet på båtar har gått mykje ned. Knut Arne Høyvik kjem til Runde Miljøsenter 16. mars og fortel.

Banklinefisket har tradisj

onelt vore eit av dei viktige fiskeria på Sunnmøre og i Sogn og […]

Qi Gong på Runde!

Helga 13.-15. juni kommer Peter Deadman til miljøsenteret på Runde for å holde workshop i Qi gong. Qi gong er puste- og bevegelsesteknikker som først ble utviklet i Kina. Teknikkene har vært utøvet i flere tusen år. Qi er det kinesiske ordet for livskraft eller livsenergi. Gong kan oversettes med å praktisere eller arbeide […]

Søndag 24. november: Kystpilgrimsleia

Kort tid etter at Olav Haraldson døydde og fekk helgenstatus som Olav den heilange, starta pilgrimane å valfarte til Nidaros.

Frå våre kantar av landet for dei sjøvegen og stoppa langs kysten for å proviantere og for å utøve trua si. Mellom anna var Herøy ein sentral stoppestad. Sameleis St. Jetmund kyrkja på Åheim […]

Søndag 17. november: Namn og tilnamn på båtar

Kvifor er somme båtnamn meir populære enn andre? Og kvifor er somme namn nesten utenkjelege å bruke på ein båt? Granskar vi båtnamna nærare, finn vi at også dei har motebølgjer på same måten som namn på personar.

Komande søndag vil Johan Ottesen vere på Runde Miljøsenter. Han vil der gå nærare inn på kva […]

Søndag 10. november: Naust og naustkultur

Harald Grytten og Inger Giskeødegård er naustfrelste. Dei har reist langs heile Sunnmørskysten på jakt etter gamle naustperler som dei dokumenterer og brukar som inspirasjon til kunst og til ord.

Dei nye nausta kan vere fine, dei også. Men dei manglar ofte sjel der dei står som tinnsoldatar ved sjøen. Dei gamle nausta har form […]

Om haifisken brugde på Runde Miljøsenter

Kjempefisken brugde vart høgt skatta av forfengelege damer på 60- og 70-talet. Det vil seie, dei visste nok knapt at det var brugdelever som gjorde huda mjuk og fin. Men fiskarane våre visste det, og gjorde gode pengar på denne haifisken etter at håbranneventyret var over.

Søndag kjem Jakob Strand til Runde Miljøsenter og fortel […]

Flåværleia skal fram i lyset

Den gamle kystleia forbi Flåvær er i fokus både i Sunnmøre Museum si satsing og i Landsverneplanen for maritim kystkultur.

Avdelingsleiarane for Herøy Kystmuseum og Dalsfjord Fyrmuseum har reist frå holme til holme langs leia for å finne restar etter den gamle kystkulturen i Herøy, Ulstein og Sande. Og førstkomande søndag kjem leiar for Dalsfjorden […]

Ball på ein søndag

Ball har vorte festmat også. Og førstkomande søndag kjem kokebokbokforfattar og matbloggar, Gunda Djupvik, til Runde Miljøsenter for å gi oss gode tips og servere ball.

Potetball har vorte populær kvardagskost. Kvar landsdel har sin eigen favoritt.Og torsdagane har vorte fast balldag over heile landet. Til og med på norske skip blir det servert ball.

Men […]

Maria Parr på Runde Miljøsenter

Forfattaren Maria Parr er i desse dagane i Oslo for å passe på at språket til teateroppsetninga av « Tonje Glimmerdal» blir slik vi snakkar her. Det er ei utfordrande oppsetning av den til dels elleville og fysiske Tonje Glimmerdal. Førstkomande søndag (13 oktober) klokka 15 vil forfattaren fortelje litt om utfordringane ved å […]

Ny bruk av fyrhusa

Gunder Runde, pensjonert lektor i Ulsteinvik, vart fødd og vaks opp på fyrstasjonen på Grasøyane. No bur der ingen på Grasøyane lenger, slik det ikkje bur folk på nokon av fyrstasjonane i området vårt.

Søndag klokka 15 vil Gunder Runde fortelje om korleis det var å vere liten gut på ein svært avgrensa, omflødd holme. […]