Blog

W4P ynskjer å forlenge løyve på Runde for 3 nye år

Waves 4 Power (W4P) søkjer forlenging av løyve på Runde hjå NVE og Kystverket.

 

– Vi ynskjer å fortsette samarbeidet med Tussa AS og Runde Miljøsenter AS, seier Gøran Fredrikson frå Waves 4 Power.

 

Runde Miljøsenter si oppgåve er prosjektarbeid og formidling av arbeidet.

 

 

 

Publisert av |8. juli 2019|Nyhende|Kommentarar avslått på W4P ynskjer å forlenge løyve på Runde for 3 nye år|

A visit from Japan

Ten students from Tokyo University og Marine Science and Technology visited REC during the first days of July, 2019. Accompanied by three professors from the same university, they spent five days at the centre learning about marine resources and industry in the region whereto Runde belongs.

Site visits and a training session to treat oceanographic […]

Publisert av |8. juli 2019|Aktivitet på senteret|Kommentarar avslått på A visit from Japan|
  • Permalink Gallery

    Alt du aldri tenkte på at du skulle få vite om tang og tare!

Alt du aldri tenkte på at du skulle få vite om tang og tare!

Søndag, den 28. april skal det dreie seg om tang og tare også på Runde Miljøsenter. Foredraget er en del av Tangfesten 2019 i Herøy Kommune, der en rekke tangentusiastar med TANGO Seaweed og Møre To Sea i spissen har teke initiativ til ein rekke arrangement med tang og tare som tema.

Det er Lise Chapman, som vil dele sin begeistring og kunnskap om ‘planter’ i havet – og hele familien er invitert til quiz rundt temaet.

Svein Erik Gaustad vil også delta, og fortelje litt om helse-effektar av tare og om den biomarine klynga BLUE LEGASEA.

Program:
11:00 Kafe og utstilling åpner.
13:00 Guida fjørevandring – Gratis. Oppmøte RMS
15:00 Søndagsforedrag med quiz (70 kr per voksen)
17:00 Kafe og utstilling stenger

Inngangsbillettar:
Vaksne: kr 70
Born: Gratis

Kafeen held ope som vanleg og kan byde på ein søndagsmeny med fisk og innslag av tang og tare, i tillegg til tradisjonell husmannskost.

Foto: Siv Nærøy

Publisert av |23. april 2019|Aktivitet på senteret|Kommentarar avslått på Alt du aldri tenkte på at du skulle få vite om tang og tare!|

Vi slår på lyset under vatnet på Sunnmøre

Publisert av |3. april 2019|Nyhende|Kommentarar avslått på Vi slår på lyset under vatnet på Sunnmøre|

Vi ryddar før fuglane kjem i år også

Vi ryddar før fuglane kjem i år også! 

Foto: Hold Norge Rent, Andreas Winter.

23. mars vil Runde grendelag, Runde Miljøsenter og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk arrangere i lag med Hold Norge rent, Statens naturvernoppsyn og Norsk ornitologisk forening ein ryddedugnad for å rydde øya før fuglane kjem.

Marint avfall rammer fuglelivet

På verdsbasis døyr minst ein million sjøfugl årleg på grunn av marin forsøpling, og problemet truger også Noregs fugleliv.

Før fuglane kjem skal supplere Strandryddedagen som skjer i mai. Opprydding før fuglane kjem tilbake er eit effektivt tiltak meiner Norsk ornitologisk foreining. Aksjonen bidreg til å redusere mengda marint avfall i viktige hekkeområde.

- Vi ryddar Runde slik at det vert mindre avfall kring øya og fuglane fortel Charlotte. I fjor rydda dei også på Remøya. Skarven nyttar tareområdet til å dykke etter mat. Vi vil også sjå om vi får opp trålposen som har ligga der ei god stund, seier Hauge.

Kunnskap, båtturar og rydding
Arrangementet vil starte med å dele litt kunnskap og ei lita matykt før alle får utdelt roder, hanskar og informasjon. Det  vil i år også, om veret tilet det, bli arrangert tre båtturar ut rundt fugleøya, for dei som deltek i ryddinga.

- Avkapp og anna tauverk er ein stor del av reirmateriale til havsula. Mange vart overraska i fjor over kor mykje plast som var i reira til havsula, seier Hauge.

Men det er ikkje berre her det er mykje å ta av. Mengder av anna marint avfall var det mykje av.

- I fjor tok vi opp eit stort fortøyningstau, som var mange meter langt. Farleg avfall som tomme sprayboksar og rester i kanner dukka opp. Ein lenestol hamna også oppi containeren, kva den gjorde på stranda er vel heller uvisst. Kanskje nokon fortsett trur at havet tryller vekk øydelagde møbler? undrar Hauge seg over. 

Ynskjer seg fleire frivillige
Runde Miljøsenter oppmodar klubbar med meir om å kome å få med seg denne dagen. Dette er ein dag for store opplevingar og ny kunnskap. Er du ein dykkar, fotograf, kajakkar, speidarar eller liknande, meld deg og klubben din på til Charlotte Hauge.

1,7 tonn vart rydda i fjor
I fjor plukka aksjonen 1,7 tonn med søppel. I 2017 vart det 1 tonn. Ein skulle tru at det minka plasten ved hyppig rydding, men det berre viser at problemet er stort og vanskeleg å handtere.  Mange deltok i fjor, det vert spennande å sjå kor mange som deltek i år?

Alle velkomen til foredrag og dugnad
Vi inviterer lokalbefolkning, politikarar, forskarar og alle andre som vil til ein dag langs fjøra, der vi byd på noko å bite i, foredrag og båttur.

Informasjon Hold Norge rent: https://holdnorgerent.no/for-fuglene-kommer/


Kva skjer laurdag 23.mars?

11:00 - Opning av arrangementet - og ei lita matykt inne før vi går ut
11:05 - SSR fortel om tal og funn frå i fjor
11:20 - Charlotte gir informasjon om rydding i terrenget.
11:30 - Utdeling av roder og påmelding til båttur
11:45 - Ut i terrenget og rydde

Alle tilbake på senteret kl 14:45 for ein oppsummering av rare funn og innlevering av registreringsskjema. For dei som er ferdig før, så vil det vere høve til å levere skjemaet på senteret. Hugs å ta deg ein tur inn i utstillinga før du reiser heim!

Ferdig omlag kl. 15:00


Publisert av |4. mars 2019|Aktivitet på senteret|Kommentarar avslått på Vi ryddar før fuglane kjem i år også|