Fjørevandring, fjellvandring, historievandring, utstillingar og foredrag: Fugleøya Runde har mykje å by på for dei som vil møte våren i havgapet i påska. Runde Miljøsenter held ope kvar dag frå palmesøndag.

Våren er komen lengst ute på kysten. På Runde yrer det igjen av liv i lufta, fjøra og i fjellet. Mange av fugleartane som hekkar på øya er komne tilbake etter overvintringa ute i havet eller i varmare strøk. Ved Runde Miljøsenter får publikum oppleve dei fleste av dei på nært hald i den store sjøfuglutstillinga. Også utstillinga av Rundeskatten er open for publikum i påska. Å sjå utstillingane før fjellturen gir endå større glede av opplevingane ute i naturen både for små og store.

Kunnskapsdeling
I år som i fjor vil medlemmar i Norsk Ornitologisk Foreining, med Alv Ottar Folkestad i spissen, vere i fjellet på Runde i store delar av påska. Dei skal vere lette å finne og svarer meir enn gjerne på spørsmål og fortel om fuglelivet på øya til kunnskapstørste turgåarar.

Runde har det tredje største fuglefjellet i Noreg og er eitt av dei mest artsrike i Skandinavia. Her er det råd å oppleve både lundefugl, havsuler, havørn og mange andre artar på nært hald. Fjellet er lett å nå, uansett alder og fysisk form. I år ser det også ut til at veret vil spele på lag. I fjor regna og bles det heile påska, likevel var det mange som oppsøkte fugleekspertane i fjellet. I år reknar dei med enno fleire.

Eige akvarium
Også i fjøra på Runde yrer det av spennande liv. Å snu på steinar og studere livet i tidevassdammane er artig både for barn og vaksne. Ekstra interessant er det å vere i lag med nokon som kan fortelje om det ein ser, for ikkje å snakke om å lage sitt eige akvarium. Dei som vil vere med på det bør ta turen til fjøra nedanfor første parkeringsplassen i Goksøyra måndag 25. mars kl. 14. Då nærmar det seg full fjøre og lærar Johan Moltu inviterer dei som kjem til å lage sitt eige akvarium av det dei finn. Dette er ein aktivitet som passar godt for barnefamiliar.

Foredrag og film
Runde Miljøsenter har stor suksess med søndagsforedraga sine, og Palmesøndag er det sjefen sjølv, dagleg leiar og forskar Nils-Roar Hareide, som er trekkplasteret. Han er ekspert på livet i djuphavet, og nettopp dette er tema for foredraget. Etterpå blir tid til spørsmål og kommentarar frå publikum.

«Havets sølv», naturfilmen om sildegytinga på Mørekysten av Are Pilskog, haustar prisar i inn- og utland, no nyleg i Italia. Skjærtorsdag kjem Pilskog til Runde Miljøsenter for å fortelje om arbeidet med filmen og litt om alt som har skjedd etter at den vart vist på NRK1 for eitt år sidan. Det var nettopp ved miljøsenteret han fekk ideen om å lage filmen, etter eit foredrag av Nils-Roar Hareide. Runde Miljøsenter har bidrege til filmen på fleire måtar, og den er ein fast del av utstillingane ved senteret. Det gir ei enno større oppleving å sjå den på storskjermen i auditoriet enn å sjå den på TV.

Historievandringar
Ekteparet Ingrid Runde Huus og Rolf Huus har store kunnskapar om historia på Runde. I påska inviterer dei til historievandringar der dei fortel om livet på øya i tidlegare tider. Rolf tek for seg hamna i notid og fortid, medan Ingrid tek vandrarar med i historia til det gamle klyngetunet og nausta nedpå Sanda. Begge har mangt og mykje å fortelje om liv og lagnad, utvikling og arbeid desse stadane.

Overnatting
For dei som vil oppleve Runde over fleire dagar er overnatting eit alternativ. Runde Miljøsenter leiger ut moderne leilegheiter med sengeplassar for fem personar i kvar. Dei er fullt utstyrte slik at gjestane kan lage maten sin sjølve, men kafeen held også ope med middagsservering, kaffi og kaker kvar dag i påska frå og med palmesøndag.