Korleis held vi oss til Korona situasjonen på Runde Miljøsenter
Oppdatert: 26/03-2021
Vi held ope, men med eit redusert tilbod. Nedanfor ser du korleis aktiviteten er ved senteret.
Overnatting leilegheiter
Du kan bu i våre moderne leilegheiter med sjøutsikt. For meir informasjon og bestilling sjå her.
Kafe og utstillinga - ope frå 22. mai
Vi er stengt fram til 22. mai. Da opnar vi for sommarsesongen og held ope kvar dag frå 12-19. Sommarsesongen varar til 15. august.
Vil du kome i kontakt med oss for overnatting, kafé eller utstillinga så kan du sende ein e-post til booking@rundecentre.no eller ringe 7008 0800
Forskingsavdelinga
Her er drifta som vanleg. Gjennom ei ordning med bruk av heimekontor og tilpassa bruk av felleslokale på arbeidsplassen så går arbeidet som normalt.
Vil du kome i kontakt med oss kan du sende ein e-post til post@rundecentre.no eller ringe 7008 0800
Vi følger med på dei tilrådingar som kjem fortløpande frå myndigheitene på https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/
FORSKING
Runde Miljøsenter legg til rette for at forskarar frå resten av verda kan kome til Runde og samle data og materiale, teste utstyr, analysere måleseriar og skrive rapportar. Senteret samlar inn grunnleggande miljødata som er tilgjengeleg for forskarar som vitjar senteret, og for forskarar som arbeider med til dømes klimaendringar, fugleforsking og fiskeriforsking.
LEIGE LOKALE TIL KURS, KONFERANSE OG SELSKAP
Med si plassering midt i havgapet er Runde ein spektakulær stad for kurs, konferansar og selskap, året rundt. Senteret er intimt og innbyr til både effektivitet og avslapping.
Vi har eit stort auditorium, møterom med sjøutsikt, selskapslokale og leilegheiter for overnatting.
BESØKS- OG FORMIDLINGSSENTER
Runde Miljøsenter er eit formidlings- og besøkssenter med faste og skiftande utstillinger der vi viser dei store biologiske prosessane som skjer i Norskehavet, og samspelet mellom miljø, klima, fugl, fisk og plankton.
Vi viser film, tek i mot grupper på omvising, og kan stille med guide på tur til fuglefjellet.
Om Runde Miljøsenter
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon med fasilitetar for utleige av leilegheiter og lokale til kurs, konferansar og selskap.
Forskingssenteret etablerer infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet og promoterer berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Runde Miljøsenter tar på seg oppdrag frå privat næringsliv og det offentlege.
Senteret er også eit besøkssenter med faste og skiftande utstillingar som fokuserer på miljø, klima, ressursane i havet, sjøfugl og naturen på øya. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725. Det er kafe på senteret som er open i lag med utstillinga i sommarsesongen, men omvisingar kan avtalast heile året.
Opningstider
Runde Miljøsenter er ope for overnatting, arrangementer og omvising etter avtale heile året.
Sjå her for meir informasjon om utstillinga.
Forskingsavdelinga
Open alle kvardagar heile året utanom fellesferien (juli) og juleferie.
[instagram-feed]