Laurdag 12. desember på Runde Miljøsenter

Sett av laurdag 12. desember til konsert og julemat på Runde Miljøsenter. Vi opnar kafeen kl. 18 og serverer julemeny med pinnekjøtt og dessert/kaffe. Klokka 20 startar konserten med Odd Goksøyr og The Red Roosters Blues Band i andre etasje. Her får vi høyre flotte tekstar og melodiar frå albumet "Grådig engel, trulaus mann". Billett til konserten kr 100. Cd - kr 150 (kontantsal for billett/cd).

Meld deg på i dag!

Bestilling på førehand innan tysdag 8 desember om du ønsker servering eller overnatting.

Julemeny

390 kr per person.

Inkluderer: juletallerken med pinnekjøtt, mør, rabbestappe, rødkål og poteter dessert og kaffe/te Det er no for seint å bestille julemeny. 
 

Konsertpakke

1060 kr per person.

Kva med å kombinere konsert og julemeny med ei overnatting i våre moderne leilegheiter? Her kan du vakne opp i rolige omgivnader og til ei vakker sjøutsikt neste morgon. Inkluderer: 1 natt i leilighet med dobbeltrom juletallerken med pinnekjøtt, mør, rabbestappe, rødkål og poteter dessert og kaffe/te konsert med Odd Goksøyr og The Red Roosters Blues Band Det er no for seint å bestille konsertpakke. Har du behov for overnatting kan du bestille ved å send oss ein epost til booking@rundecentre.no eller ringe 7008 0800
 

Opningstider laurdag 12 desember

Kafe Konsert                                
kl. 18:00 - 23:00 frå kl. 20:00
 Servering av julemat til kl. 20. Billettar 100 kr. Kontant sal i døra
 

Kort om konserten

Odd Goksøyr med band spiller frå albumet "Grådig engel, trulaus mann". Prosjektet presenterer fjorten songar med tekstar og melodiar av Odd Goksøyr, nytt og gammalt, frå 1990-talet til 2010-talet. Musikalsk kan ein kanskje oppsummere med noko slikt som at nedtrykt visepoet møter (litt meir) oppstemt bluesband. Og som einkvan så kjekt sa det under sluttmiksinga, «resultatet vart ikkje så trist som ein skulle tru!.» Odd Goksøyr (f 1952), forfattar og trubadur frå Sunnmøre, har sidan 1970-åra teke del/bidrege i mange  arrangement i krysningsfeltet mellom poesi og musikk.  Sjå elles www.respatekspalass.no The Red Roosters Blues Band Dei fem musikarane i The Red Roosters Blues Band har den musikalske basen sin i Volda.  Gjennom ei rekkje spelejobbar på klubbar og festivalar har The Red Roosters Blues Band etablert seg som eit folkeleg og populært bluesband.
 

Her finn du oss