Med Vindskip™ vil oppfinnar Terje Lade revolusjonere store delar av skipsfarten. Men kan skipet fungere i praksis? Dei nye miljøkrava til sjøs og løysingane til det nyskapande skipet er tema for søndagsforedraget ved Runde Miljøsenter 30. mars. Om under eitt år, 1.1.2015, blir dei nye krava til lågare utslepp frå skipsfarten innført. Endå strengare blir krava fem år seinare, frå 2020. Internasjonale avtalar sikrar at miljøforureininga frå verdas skipsflåte skal reduserast dramatisk på få år. Det blir dyrt for skipseigarane. Prisen på bunkersolje har gått rett opp siste åra og dieselolje er enno dyrare. For mange reiarlag har dei auka utgiftene til drivstoff ført til raude tal i rekneskapen. Utgiftene må ned, men korleis? Vind er gratis. Og flytande naturgass (LNG) fører til langt lågare utslepp enn tradisjonelle drivstoff. Vindskip vil bruke begge delar. Samanlikna med tilsvarande eksisterande skip betyr det ein reduksjon i drivstoffkostnadane på minst 60 prosent. Utsleppa av CO2 blir redusert med 80 prosent, NOx med 90 prosent og svovel (SOx) med 100 prosent. Men korleis kan eit skip utan segl bruke vind som drivkraft? Og korleis er stabiliteten? Vil ikkje eit slikt skip med plass til å frakte nesten 7 000 personbilar velte i første stormkasta? Oppfinnar Terje Lade har henta inspirasjon og kunnskap både frå flyindustrien og seglarmiljø i arbeidet med å utvikle den heilt nye skipstypen som kan brukast like godt til cruisebåtar og store ferjer som til bilbåtar. Han fortel og svarer på spørsmål ved Runde Miljøsenter siste søndagen i mars. Arrangementet startar klokka 15. Billett kr. 60. Som vanleg er kafeen open før og etter for heimelaga middag og kaffi, kl. 13-17.