Bilete: Ordførarar og andre deltakarar på seminar om marine grunnkart på NMK i Ålesund.

Vi slår på lyset under vatnet på Sunnmøre

Ved å etablere og forvalte ny kunnskap om verda som ligg under havoverflata kan Noreg ta ut kysten sitt utviklingspotensiale på ein berekraftig måte, til det beste for den enkelte i samfunnet og framtidige generasjonar.

Dei seks kommunane Sandøy, Haram, Giske, Ålesund, Ørskog og Skodje har saman med Kartverket, Havforskingsinstituttet, Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) Runde Miljøsenter starta eit stort prosjektet som har som mål å kartlegge store delar av sjøområda på Nordre Sunnmøre.

Møre og Romsdal Fylkeskommune er med og finansiere prosjektet saman med kommunane.

Kartverket har starta oppmåling med multistråle-ekkolodd og avanserte navigasjonssystem. Vi ynskjer å samle inn og dele kunnskap og data for å sørgje for ei berekraftig utvikling og forvaltning, sa Njål Tengs-Hagir frå Kartverket.

Omvising om bord Hydrograf

Kartverket sitt forskingsskip «Hydrograf» arbeider no med kartlegging i Giske kommune og er stasjonert i Ålesund hamn. Den har to mindre oppmålingsfartøy MB Anda og MB Lomvi som gjennomfører sjølve oppmålingane.

Ordførarane frå Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund var torsdag invitert om bord i oppmålingsbåten Hydrograf (Kartverket), der dei fekk lære meir om korleis og arbeidet med oppmåling på Nordre Sunnmøre blir gjennomført.

- Dette var interessant, dette kan vi nytte til planlegging og forvaltning, tilrettelegging for havbruk og fiskeri, til foredling av naturressursar og dette verktøyet kan gi oss informasjon om korleis og ikkje minst kvar vi skal legge ned kablar i sjøen, seier Sol Slinning, tilsett ved Teknisk eining, Sandøy kommune.

Seminar om moglegheitene i marine grunnkart

Etter omvisinga om bord i Hydrograf gjekk turen vidare til NMK, der ordførarane deltok på seminar i to dagar om marine grunnkart i lag med representantar frå NTNU, Runde Miljøsenter, NGU, Kartverket, næringsliv og andre interessentar til prosjektet.

Njål Tengs-Hagir frå Kartverket starta med å syne fram eit kart av Noreg som vart produsert 300 år før Kristus, der sjømonstre var teikna inn på kartet. Dette for å syne fram at ein ikkje hadde så stor kunnskap om området. 

- No veit vi litt meir enn då, men vi har ikkje nok kunnskap til å gjere gode nok val innan forvaltning og næring utan rett bakgrunn, sa Njål.

Næringane representert ved fiskeri og oppdrett er viktige brukarar av marine grunnkart og også bidragsytarar i arbeidet. Dei var svært aktive i seminaret og fekk fram kor mangelfullt havet er kartlagt; sjøkart er ein ting men straumforhold, botnforhold, plante- og dyreliv er noko anna. Dei var særleg opptekne av berekraftig forvaltning, ikkje kortsiktige uttak men “evigheitsperspektivet” og ressursforvalting for komande generasjonar.

Vi er kunnskapslause om havet

Nils-Roar Hareide (dagleg leiar ved Runde Miljøsenter) som er koordinator for kommunane i arbeidet med den marine kartlegginga på Nordre Sunnmøre, fortalde at dei marine grunnkarta er sjølve grunnmuren i arbeidet vidare med kartlegging og forvaltning av sjøområda til kommunane.

Kunnskapsbehovet om sjøområda er stort og det er stort behov for meir kunnskap og kompetanse. Både kommunar, skular, universitet og andre interessentar har behov for undervisning for bygge kompetanse i vår region, sa Hareide.

For kommunane på kysten er havet ein viktig ressurs, og for t.d. Giske er 95% av kommunen hav. Dette arealet har ikkje ein føremålstenleg arealplan og det som er markert av bruksområde i planane er eigentleg teikna på eit kvitt kart. Ved søknad om konsesjonar blir behandlinga lett tilfeldig. Er plasseringa av ulike oppdrettsanlegg plassert optimalt? Det kan ein ikkje vite utan marine grunnkart. No skal dette verktøyet på plass.

Kommunar og Møre og Romsdal Fylkeskommune har til saman sett av 7,5 mill. kroner og prosjektet er i gang både i kommunane og i Kartverket. Norges Geologiske Undersøkelser og Havforskingsinstituttet ventar no på svar om statlege løyvingar for å kunne ta del. Slike løyvingar er nødvendig for å få framdrift i prosjektet. Ordførarane var klare på at dei vil følgje opp dette om ikkje midlane no kjem.

Bilete: Sol Slinning frå Sandøy Kommune framfor oppmålingsfartøyet MS Hydrograf.

Bilete: Sol Slinning frå Sandøy Kommune framfor oppmålingsfartøyet MS Hydrograf.

Bilete: Det skapte engasjement når gruppa fekk vere med på å kartlegge eit vrak som ligg rett utanfor innlaupet til Ålesund hamn. Gruppa var imponert over kor klart ein kan sjå konturane av vraket.

Bilete: Det skapte engasjement når gruppa fekk vere med på å kartlegge eit vrak som ligg rett utanfor innlaupet til Ålesund hamn. Gruppa var imponert over kor klart ein kan sjå konturane av vraket.

Bilete: Njål Tengs-Hagir syner fram eit gamalt kart over Kysten av Noreg med sjømonstre og fortalde at området ikkje er undersøkt skikkeleg.

Bilete: Njål Tengs-Hagir syner fram eit gamalt kart over Kysten av Noreg med sjømonstre og fortalde at området ikkje er undersøkt skikkeleg.

Bilete: Nils-Roar Hareide presenterer nytteverdi av marine grunnkart og viser til Møre Ocean Lab som er eit av “spin off” prosjekta frå den marine kartlegginga som er gjort på Søre Sunnmøre.

Bilete: Nils-Roar Hareide presenterer nytteverdi av marine grunnkart og viser til Møre Ocean Lab som er eit av “spin off” prosjekta frå den marine kartlegginga som er gjort på Søre Sunnmøre.

Blå økonomi i det grøne skiftet

Den blå økonomien, ei berekraftig utnytting av våre kyst- og havområde er eit tema som mange er opptatt av. Detaljert kunnskap om havbotnen og det undersjøiske miljøet er grunnleggande føresetnader for å utvikle potensialet i denne økonomien.

Data om djup, topografi, geologi, straum, bølgjer, forureining, vegetasjon (tang, tare og sjøgras) og dyreliv, er nøkkelen til ei meir heilskapleg og berekraftig utnytting av Noregs sjøareal. Marine data vil også gi nye høve for næringa og offentlege instansar, og gi auka sikkerheit og er eit viktig verktøy innan kriseberedskap.

Eit storstilt kartleggingsprogram vil gi moglegheit for industriell vekst og nyskaping, blant anna innanfor autonome fartøy. Dette prosjektet kan bli ein viktig del av det grøne skiftet i Noreg, der innovasjon og teknologiutvikling er viktige faktorar.

Kartlegging gir kunnskap til næring, forsking, forvaltning og undervisning

Dette prosjektet krev ny teknologi, nye samarbeidsformer og store investeringar. Prosjektet vil gi Sunnmøre og Møre og Romsdal eit strategisk fortrinn innan forsking, næringsutvikling og forvaltning.

Marine Grunnkart Nordre Sunnmøre er peikt ut som eit av tre nasjonale pilotprosjekt. Prosjektet skal i tillegg til oppmåling og kartlegging, utvikle ny teknologi for innsamling og behandling av data, blant anna ved bruk av sjølvkøyrande farkostar og automatiserte prosesser.

Alle foto: Runde Miljøsenter