Gode,lokale historier opnar vårsesesongen Runde Miljøsenter har hatt suksess med søndagsarrangementa sine der folk møtest for fagleg underhaldning og god mat. Det har vorte ein god møteplass for heile regionen. Første mann ut er historie forteljaren John Osnes, veterinæren som har reist land og strand rundt i alle fjøs på ytre Søre.. Samstundes som han har berga fe og husdyr, har han samla på gode historier. Sesongopninga blir også starten på eit nytt samarbeid mellom Runde Miljøsenter og det nye hotellet i Fosnavåg.   Det blir ein vår for ung og gammal på Runde Miljøsenter. Kvar søndag fram til midten av mai, vert det underhaldande og faglege foredrag på senteret. Og opplegget blir lagt til rette for at barnefamiliar vil ha utbytte av å besøke fugleøya søndagane. Komande søndag som er den første i rekkja, blir det ei lett opning der mat og møte mellom folk blir kombinert med ei god forteljarykt. Seinare søndagar får vi møte både den majestetisk havørna gjennom fuglefotograf Roger Engvik, paddeevetnyret i Austefjorden ved filmskaparen og biologen Are Pilskog, fyrverkeriet Brita Blomquist, internasjonale fugleekspertar og historikaren Johan Ottesen. I påska tilbyr miljøsenteret skattejakt og fugleeggjakt på fugleøya. Det vart prøvd ut for første gong i fjor. Og den spennande ramma viste seg å vere ein fin måte å få med seg familien på tur ut i påska for den som ikkje er på snøfjellet. Og nytt av året er samarbeidet Runde Miljøsenter har innleia med det nye hotellet i Fosnavåg. Dei to institusjonane skal selje tenestefor kvarandre, og komande søndag blir det debut for felleskokken Ted Nilsson. Han lovar god mat i kafeen også for borna. Foredrag startar klokka 15.00. Kafeen er open 13-17.00. Meny: Indrefilet, breiflabb og herleg dessert. Barnemeny