VARD-båtane

Utsetting av 240 leikebåtar av tre frå Runde, eit samarbeid mellom Vard og Runde Miljøsenter. Golfstraumen og Kyststraumen er tilsaman ei voldsom elv som renn nordover langs kysten av Norge. Havstraumane fører med seg fiskeegg og fiskelarvar frå gyteområda ved Runde og heilt opp til Barentshavet. Golfstraumen er den viktigaste føresetnaden for at det bur folk langs kysten av Norge. Den skaffar både næring og varme. For å synleggjere dette set Runde Miljøsenter i samarbeid med skipsbyggingskonsernet Vard og borna på Sunnmøre ut 240 små trebåtar som skal følgje Golfstraumen og kyststraumen mot nord. På denne tida av året blir sildelarvane utklekte og det passar godt å setje ut båtane samtidig som alle desse milliardane av fiskeyngel startar på den same reisa.

Utsetjing  14.04.2015

9 nye båtar sett ut.

Utsetjing  1. påskedag 2015

49 nysnikra båtar vert sett ut.

Utsetjing 2. mai 2014

2. mai blei 126 nye båtar sjøsatt. Foto: Suel Kassembo

Utsetjing 1. påskedag 2014

Båtane vart spikra saman på Runde i påska. Dei vart merka med namn og nummer og på 1. påskdag vart det sett ut 124 båtar frå moloen på Runde. Namna på alle som har laga båtar blir lagt ut på Runde Miljøsenter si heime side på nettet. Dei som har laga båtane får beskjed når nokon finn båtane deira. Utsetjingsstad og funnstad vil gi svært god informasjon om korleis havstraumane bevegar seg nordover langs kysten. Båtane vil truleg bli funne både i nærområdet ved Runde og heilt opp til Finnmark og kanskje heilt til Russland. Det kan og tenkast at nokre av båtane kan reise endå lenger. Alle funn vil bli oppdatert på websida til Runde Miljøsenter som vil visualisere korleis båtane har fare med straumen. Foto: Suel Kassembo

P1010280

Picture 1 of 18

 

Om prosjektet i media