Dei fem kommunane på Søre Sunnmøre gjorde i 2015 vedtak  om  å utarbeide ein interkommunal analyse for næringsutvikling og forvaltning av sjøområda  basert på samarbeidet og resultata frå  prosjektet «Marine Grunnkart Søre Sunnmøre».  Komande fredag 26.1 skal Runde Miljøsenter overrekkje dette dokumentet til dei fem kommunane.

Vi lever i ei tid der grensene mellom kommunar og regionar vert viska ut, og då er det nødvendig å løfte blikket. Det har vi også gjort i arbeidet med dette prosjektet, i samarbeid med fem kommunar, Runde Miljøsenter AS (RMS) og næringslivet.

Målet med analysen er at kommunar, næringsliv og forskingsmiljø i fellesskap skal utforske og utvikle idéar som kan skape nye arbeidsplassar. Næringslivet i regionen vart invitert til å vere med og sentrale organisasjonar og personar med  kunnskap på sine felt. Denne organiseringa sikra god medverknad frå næringslivet. RMS var leigd inn som koordinator og fagleg ansvarleg for arbeidet med næringsanalysen.

«Søre Sunnmøre skal vere ein attraktiv stad å drive marin næringsutvikling, og marin næringsanalyse skal bidra til å sikre nettopp dette. Som regel er det to eller fleire kommunar som grenser mot same sjøområde, til dømes deler ein fjord på langs. Det er derfor naudsynt for kommunane å samarbeide om bruk, forvaltning og forsking i desse fellesområda».

Det er svært viktig at ein greier å utvikle eit aktivt partnarskap med næringslivet. Ein kan forvente at auka næringsverksemd vil krevje areal på land i tillegg til å legge band på store sjøområde. Vidare vekst innan til dømes oppdrettsnæring, taredyrking og energiproduksjon kan lett skape konfliktar i dei områda som er tettast busette på Søre Sunnmøre.

Denne utviklinga av idéar vil avdekke arealbehov både i sjøen og på land som igjen vil gi viktige innspel for kystsoneplanlegging som skal gjennomførast som eit eige prosjekt seinare. Kommunane ser det derfor som ei kommunal oppgåve å vere med på å legge forholda til rette for ny næringsutvikling.  Ein vil bringe inn nasjonal og internasjonal FOU kompetanse og kople denne opp mot næringslivet i regionen. Kommunane sin felles kompetanse på GIS og planlegging skal koplast mot det mangfaldige marine og maritime næringslivet i regionen.

Kommunane etablerte ei gruppe som koordinerte arbeidet med planen. Gruppa hadde desse representantane; Kai Bjørke og Bernt Brandal, Hareid Kommune, Anita Sundnes og Knut Erik Engh, Ulstein Kommune, Jarl Martin Møller og Svein Gjelseth, Herøy Kommune, Kjell Martin Vikene og Arnljot Muren, Sande Kommune, Oddvin Årskog og Idar Brekke, Vanylven kommune.

 

Kontaktpersonar i prosjektet:

Knut Erik Engh – knut.erik.engh@ulstein.kommune.no  / mob. 957 66 692

Jarl Martin Møller – jarl.martin.moller@heroy.kommune.no  / mob: 975 06 761

Nils-Roar Hareide – nilsroar@rundecentre.no  / mob: 412 91 107

 


 

Program 26.1.2018

Sett av tida 10.30 – 12:00

10.30 Film av prosjektet som syner arbeidet  + film frå elevane

10.45 Overrekking av Marin Næringsanalyse

11.00 Pause før lunsj. Høve til ein prat.

11:30 Lunsj