Detaljerte kart over botnen på Sunnmøre er til stor hjelp når Runde Miljøsenter  no skal forske meir på Tobis (sil). Karta gir eit godt bilete av botnen og no skal  ein nytte karta til å  finne ut kvar silen gyt og  ved hjelp av ekkointegrering sjå kor stor bestanden er.

Arbeidet skal skje i samarbeide med Havforskingsinstituttet og er finansiert av Miljødepartementet, Fiskeridirektoratet og  Havforskingsinstituttet. 

Sil som nøkkelart
Forskingsoppgåvene er knytt til sil med omsyn på å kartlegge silen sin biologi og rolle i økosystemet i kystområda på Sunnmøre. Silen har eit heilt spesielt levesett som er viktig å ta omsyn til når det skal gjennomførast bestandsundersøkingar av denne type fisk, og dette kan dei nye marine karta gi svar på.

Fiskarar frå mange nasjonar driv kommersielt fiske etter tobis i Nordsjøen. Fisket skjer med finmaska trål på sandbotn. Tobis er et samleomgrep for fleire artar innan sil-familien (Ammodytidae). Havsil (Ammodytes marinus) er den viktigaste arten i tobisfiskeriet i Nordsjøen. No skal vi finne ut meir om han her langs kysten på Sunnmøre, ved hjelp av marine grunnkart, seier marinbiolog Roger Kvalsund,  ved Runde Miljøsenter AS. 

Bilete: Nils-Roar Hareide  og Roger Kvalsund opparbeider prøver av sil i laboratoriet ved Runde Miljøsenter AS.  (foto: RMS)

Kart over botnen kan hjelpe forskarar å finne silen
Karta syner ulike botnforhold og botnforhold i kystområda er prega av stor variasjon i topografi og sedimenttypar. Det er områder med grovkorna sand som er eigna habitat for silen.

- Desse sandbøtene er for små til kommersielt trålfiske, men silen er næringsrik mat for fugl og andre fiskeslag (t.d. flatfisk, torsk, hyse, lyr og sei), og er såleis svært viktig i økosystemet, fortel Kvalsund.

Sjølv om sil ikkje blir fiska kommersielt langs kysten har den betydeleg innverknad på det kommersielle fisket. I snurrevadfisket etter kysttorsk spelar silen ei viktig rolle, då den får torsk, hyse og sei til å konsentrere seg på fiskeplassane.

- Den viktige rolla sil har i økosystema langs Norskekysten er summert opp av Havforskingsinstituttet  i ein eigen rapport. (Bergstad m.fl. (2013)). I den rapporten blir dei store hola i kunnskap om silartane langs Norskekysten skildra. Viktigaste forslag til tiltak er innsamling av data om leveområde og biologi, seier Kvalsund og viser til marine grunnkart.

Marine grunnkart eit unikt verktøy
Data og materiale frå prosjektet Marine grunnkart for Søre Sunnmøre som Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) , Kartverket og 5 kommunar på Søre Sunnmøre har gjennomført er svært viktig for kartlegging av silen si utbreiing. Marine grunnkart gjev høve til å meir effektivt oppsøke potensielle sil-habitat som ikkje er kartlagde.

Runde Miljøsenter har i fleire år hatt fokus på den lokale silen si rolle i økosystemet som mat for andre, både fugl og fisk.

FAKTABOKS

  • Tobis er eit samleomgrep for dei fire sortane med sil vi har i Noreg.
  • Havsilen grev seg ned i sanden seinsommar/ haust. Der ligg den heilt til kjønnsmodne individ kjem opp i desember-januar for å gyte. Egga legg den på/i sanden. Etter gyting grev den seg ned i sanden igjen.
  • I april kjem den vaksne silen opp igjen frå sanden på dagtid og beitar på raudåte, andre plankton og pelagiske organismar fram til juli-august. Så grev den seg ned igjen i sanden og kjem opp igjen til ny gyting ved årsskiftet.
  • Yngelen blir utklekt i mars-april og utover våren. Yngelen er om lag 5,5 mm ved klekking. Dei veks raskt, og i løpet av sesongen blir dei 7-10 cm lange før 0-åringane botnslår ut på hausten.
  • I juni er yngelen blitt om lag 5 cm og då er den blitt ypparleg mat for ungane til lundefuglen som blir klekte ut om lag 1. juni.
  • Sidan silen grev seg ned i havbotnen (sandbotn) store delar av året må ein kjenne til kvar desse sandområda er og om det er rett type sand.

Bilete frå båten Lophelia som er eigd av Arne Sævik. Ekkoloddsvingaren som heng utanpå båten nyttar Runde Miljøsenter saman med Havforskingsinstituttet til å mengdemåle sil (foto: RMS).

Bilete: Sil  henta ut frå ein torskemage ved Runde. (Foto: RMS)