Jordnære og praktiske tips for å lukkast med heimekompostering var essensen i kurset i heimekompostering som vart arrangert i regi av SSR på Runde Miljøsenter onsdag kveld. Godt blanda med nyttig teori og lun humor frå kurshaldar Nils Roar Hareide var det mange nøgde kursdeltakarar.

Det var fleire som trakk på smilebandet når Hareide kom med rådet om å tenke på kompostbingen som ein nær slektning som treng mat og stell. Konkrete råd om kva kompostbingen liker og ikkje liker å «ete» var også tema på kurset. Gode spørsmål og innspel frå deltakarane bidrog til nyttig erfaringsutveksling. Mange av deltakarane har mange års erfaring med heimekompostering, medan nokre er heilt i startgropa.

Kurset i heimekompostering er ein del av SSR si nye ordning for heimekompostering. For å vere med i ordninga må ein delta på kurs, ha ein godkjent kompostbinge og skrive avtale med SSR. Dei som er med i ordninga får ein reduksjon i renovasjonsgebyret på kr 500,- per år.

Matavfall er ein stor del av avfallet frå hushaldningane. I gjennomsnitt kastar kvar nordmann ca 50 kg mat per år. Det vil seie at vi kastar 25% av den maten vi kjøper. I følgje Format-rapporten kjem 70% av matsvinnet frå private hushaldningar. Totalt blir det kasta over 300 000 tonn mat i Norge kvart år.

I lys av dette er det positivt at mange er interessert i å ta vare på ressursane i matavfallet og lage god hagejord av det. SSR har hatt stor interesse for ordninga og har nå planlagd fire kurs i vår. Dette er veldig positivt.