Om lag 30 studentar og universitetslektor Martin Blom frå lina Biomarin innovasjon var innom Runde Miljøsenter måndag denne veka, for å få vite meir om livet på Runde.  Nils Roar Hareide, leiar ved Runde Miljøsenter, tok i mot studentane og introduserte dei til arbeidet som vert utført her på senteret.
 
studentar-og-nils-roar-3-10
Fugleartar på Runde Nils Roar fortalde studentane om fuglelivet på Runde.
- Vi har om lag 200 fugleartar som er registrert på Runde, og kring 120 av dei hekkar her. Vi har om lag 150.000 fugl på Runde, men fulgebestanden var ein gang over 400.000.
For det meste er det krykkebestanden som har gått ned, seier Nils Roar. Der det før hadde vore et overdøyvande låt frå krykkjene i fjellet, har no stilna, og det er eit anna miljø der no.
  Rundeskatten Randi tok med seg studentane og synte fram rundeskatten og fortalde om den 200-år gamle historia til Akerendam og  vegen som skatten hadde før dei fekk den ut hit til Runde.  
studentar-3-10Studentane var nøgde Ingvild Bårdsen og Sebastian Ness var to av studentane frå lina Biomarin inovasjon. Dei syns det er fantastisk flott her ute, og at det var utruleg lærerikt! - Eg visste ikkje at det var dette Runde Miljøsenter dreiv med, så eg lærte mykje i dag, seier Ingvild.
Rundturen vart avslutta med ei framsyning av «Havets sølv» av filmskapar Are Pilskog.
Runde Miljøsenter ynskjer studentane lukke til med studiane framover.