Støvsuge fjøra – går det an?

Det går faktisk an å støvsuge fjøra. Ikkje med ein vanleg støvsugar naturlegvis, men med ein lauvsugar. Ein slik maskin som vanlegvis blir brukt til å bli kvitt blad på plenen om hausten.

Men kvifor i det heile tatt drive å støvsuge fjøra? Kva skal det vere godt for?

Har du nokon gang vore med på strandrydding? Då er det gode sjansar for at du har kome bort i ørsmå kuler av isopor, fibrar frå tau eller andre plastbitar som har vorte brotne ned og blitt så små at det ikkje er sjans i havet til å plukke dei opp for hand. Dette er ein veldig stor frustrasjon for mange strandryddarar, då det har mangla gode metodar til å plukke dei opp.

Her på Runde Miljøsenter kom vi igjen bort i dette problemet i januar da vi fjerna den gamle flytebrygga vår med flyteelement av isopor. Sjøanemonar og andre smådyr hadde festa seg på undersida av flytelementa og fått isoporen til å smuldre opp. Mange småbitar av isopor hadde blitt skylt opp på land allereie og då vi fjerna brygga flassa det av endå fleire bitar i prosessen. Dette var absolutt ikkje meininga. Men korleis rydde det opp?

Alle mann på senteret var ute og prøve å rydde opp småkulene, utan at det monna på ordentleg. Så fekk marinbiologen Roger Kvalsund ein tanke. Kva med desse lauvblåsarane som brukast i hagar? Nokon av dei kan jo også suge! Det kravdest litt googling, men etter kvart fann vi ut at i Grimstad Kommune nede på Sørlandet hadde de faktisk brukt lauvsugarar til å rydde etter eit stort utslepp av isopor i 2019. Og dei kunne fortelje at sugarane var veldig effektive. Vi fekk anbefaling på den modellen av sugar som dei synst hadde funka best. Og det ende opp med at Runde Miljøsenter investerte i eigen lauvsugar. Den har funka heilt nydeleg for oss, og området der den gamle brygga låg er nå tusenvis av isoporkuler reinare.

Men historia skal ikkje stoppe her. Oppreinsking av isopor og anna mikroplast har vore ein kjelde til stor frustrasjon for dei engasjerte strandryddarane som er medlemmar av Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre som Runde Miljøsenter og Sunnmøre friluftsråd starta opp i 2019. Derfor blir det no jobba med å skaffe fleire lauvsugarar og gi medlemmane i nettverket høve til å nytte dei i ryddinga si. Vi gler oss over å endeleg ha funne ein måte å rydde opp mikroplast, og ser fram til at Sunnmørskysten skal bli kvitt millionvis av isoporkuler og andre små plastbitar...

Slik såg det ut før

Slik såg det ut etterpå

Resultatet frå fyrste test. Tusenvis av småkuler er suget opp. Ein del tørt gras følgjer med.