Denne helga var prosjektet «Før fuglane kjem» 2017 arrangert på Runde Miljøsenter. Om lag 1 tonn med søppel vart rydda vekk frå fjøre, veg og svaberg.

 

Stor innsats frå mange

Folk frå med anna Ørsta, Volda, Ulstein, Ålesund og ikkje minst Herøy var med å rydda Runde i går.
– Turen med båt til fuglefjellet var ein oppvekkar, eg trudde det var berre nokre få reir med plast og tauverk i, men det var jo alle reira! Fortalde ei som deltok på båtturen og ryddeaksjonen.

Andre kunne fortelje at dei fann sko, bildekk, keramiske fliser, isopor, plastbitar, tannkostar, posar og ei girkasse. Vi var einige om at det var mykje rart å finne på Runde, og at det sikkert er fleire strender som ser slik ut. Ei oppmoding om å delta på strandryddedagen i mai dukka også opp under praten.

 

Har rydda Runde i over 40 år
Vi må og gi ein ekstra takk til innbyggjarane på Runde; Husmorlaget på Runde starta nemleg allereie på 70-talet å rydde Runde for søppel, så dette er jo ikkje noko nytt for dei som bur her. Men for omverda som ikkje har rydda på Runde før, var dette nok ei oppleving av dei sjeldne.

 

Før ferdselsforbodet trer i kraft

Før fuglane kjem er eit prosjekt der vi ryddar fuglereservata før hekketida startar og ferdselsforbodet trer i kraft på Runde 15.mars.

– Slik forstyrrar vi fuglane minst mogleg under strandryddesesongen som er opphavleg i mai, fortel Malin Jacob, Hold Norge Rent

 

Vi vil oppmode alle om å ta i eit tak i nærleiken når strandryddedagen kjem i mai. Eller berre rydde ei strand fordi du kan.

 

Foto: Malin Jacob frå Hold Norge Rent fortel om aksjonen på Runde.