Søndag 5 februar var det mange som tok seg turen innom Runde Miljøsenter. Gry Hansen som er kunstnar på prosjektet, tok turen innom og deltok på ein workshop der alle fekk prøve å lage seg kunstverk av plast.

Mykje plast å finne?
Fyrst var det ein liten introduksjon der deltakarane fekk sjå kva Gry og Charlotte hadde laga. Gry og Charlotte stilte spørsmål til dei som var der. Gry lurte med anna på om det var mykje plast å finne på stranda?

-Ja, og  eg skulle ønskje eg kunne bruke gravemaskin for å rydde stranda, svarte ein av gutane.

Store og små deltok
All plasten som vart teken med, vart lagt ut over golvet, der alle kunne hente seg råmateriale til det dei ville lage. Alle som kom hadde samla litt plast, medan Gry og Charlotte hadde samla mykje. Med fire limpistolar og nokre åtvaringar om varme, satt alle i gang med å kreere sine eigne meisterstykker.

 

img_7197ilias-6-ar-redigert

 

Lisa (12 år) og Åsa (13 år) fann tonen på workshopen og laga ein del forskjellege ting.
Dei syns det var kjekt å få lage meir til utstillinga her på senteret.

 

Ilias (6 år) var kreativ og fekk hjelp av lisjebror, mamma og pappa til å lime
saman plasten som han fann lagt ut på golvet. Mykje å plukke i, fortalde Ilias.

 

 

 

 

#arbeidstittelnorge
Eirik Strandabø, som er kjend for sine turar rundt omkring i Noreg, tok seg ein tur innom Runde Miljøsenter denne dagen. Han laga til to ulike element, der img_7190den eine fekk tittelen «Volvo Ocean disgrace».

– Eg nytta morgonen på å samle flasker i Mulevika. Stranda var full av all slags flaskar i forskjelleg format, noko som fikk meg til å tenkje på flaskepost og barndom og kor stor og uendeleg verda kan vere når man står ved havet og er fem år. Så kom eg på noko eg så i ein film her om dagen, der sa dei at havet ikkje har minne, og det sitatet ville eg sette under debatt, og da var vegen kort til å prøve å formidle havet sine eigne tankar om alt vi gjer med det, fortel Eirik Strandabø.