Lundefuglen er komen- opplev lundeeventyret på Runde

Lundefuglen er komen til fuglefjellet på Runde. Kvar ettermiddag no kjem dei små artige raud og gul- nebba fuglane inn frå sjøen og landar i Lundeura, berre nokre frå meter frå det du kan stå å sjå på dette eventyret som spelar seg på Runde kvart år.
Dersom du enno ikkje har opplevd ettermiddagen i fuglefjellet då tusenvis av lundefuglar kjem flaksende inn frå havet, bør du ta med deg familien og sjå dette eventyret! Det er ei naturoppleving av dei sjeldne. Førstkomande søndag arrangerer Runde Miljøsenter tur ilag med kyndige fugle- og fjellfolk slik at familien kjem trygt fram til Lundeura og får god informasjon om lundefuglen og hekkinga som står føre.
Fuglen kjem så nær at du nesten kan ta på desse flotte og fargerike skapningane som også vert kalla sjøpapegøye på grunn av det karakteristiske nebbet. For å få maks ut av turen, kan det løne seg å starte med eit besøk i fugleutstillinga på Runde Miljøsenter for å sjå på dei fuglane ein kan vente å møte på turen til fuglefjellet. Der er dei utstilte alle saman: lundefuglen, alka, skarven , krykkja, havsuler og havørn. For å nemne noen. Det kan bli ein interessant dag for både små og store. Det er spennande å sjå om trenden for lundefuglen har snudd i positiv retning og om det i det heile blir krykkjer som hekkar på Runde i år. Der er meldt fint ver til helga, og turen er lagt til ut på ettermiddagen for å kunne oppleve timen då fuglen kjem inn til fuglefjellet frå matekspedisjon til havs. Meny: Fiskesuppe Lasagne
Open kafe med middag og kaker Fellestur til Lundeura med guide                                
kl. 15:00 - 17:00 kl. 17:00 - 19:00
Billettar 75 kr per person/ Familie 200 kr

Søndag 10 april 2016

Nils Roar Hareide tok turen opp i Lundeura og fikk sjå at lundefuglen var komen.