Kafé og utstilling i havgapet

Legg søndagsturen til fuglefjellet på Runde eller gå på vandring i fjøra. I utstillinga på senteret kan du lære meir om Rundeskatten, sjøfugl og naturen på øya. Open kafé med middag og kaker.

Velkomen.

Opningstider søndagar

23 april - 28 mai 2017

Kvar søndag, 13-17

Middag frå 13-16

Sjå utstillinga

Utstillingar og filmar om havet, fuglefjellet og Rundeskatten

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725.

Prisar

Vaksen: kr 85 

Barn: kr 35,-

Pensjonist/ student​: kr 55,-

Familie (max 7): kr 200,-​

Grupper (frå 15 pers.): kr 55,-​

Mat frå havet på Runde Miljøsenter.

Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer. Middag frå kl. 13. 

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og tilbyr enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.​