Havet si helse – kva skjer under overflata?   Havet er vårt fremste skattkammer når det gjeld ressursar, og betyr mykje for samfunnsutviklinga både globalt og i vårt eige langstrakte land. Men kva er det som skjer under overflata? Korleis kan vi studere havet si helse?   I dette foredraget, søndag 2.april, vil Anders Goksøyr ta føre seg nokre urovekkjande trekk ved havet sin helsetilstand; plastforureining, havforsuring, miljøgifter og koralldød.   Anders Goksøyr er professor i miljøtoksikologi ved Universitetet i Bergen. Han leiar også det tverrvitskaplege prosjektet dCod 1.0 (dcod.no), som tek føre seg torsken sitt genom for å prøve å utvikle verkty til bruk i miljøovervaking og risikovurdering.   Open kafé og utstilling (fri inngong) kl 13:00 - 17:00 Foredrag: 75 kr   Det vil vere høve til å kjøpe seg ein klassisk søndagsmiddag med dessert og kaffi.