Stein Bondevik er ein norsk geolog med geologiske farer (tsunami), Storeggaraset og klimaendringer som fagspesialitet. Han studerte ved Universitetet i Bergen der han mottok en cand.scient. 1993 og dr.scient. 1996. Så var han postdoc same stad 1996–99 og førsteamanuensis i geologi ved Universitetet i Tromsø 1999–2007. Siden 2007 har han arbeidd ved Høgskolen i Sogn og Fjordane, først som førsteamanuensis, etterkvart som professor. Bondevik mottok Reuschmedaljen i 2001 frå Norsk geologisk forening for ein artikkel om Storeggaraset og den voldsomme tsunamien som raser skapte. Same året vann han Universitetet i Tromsø sin forskarpris for yngre forsking. Ved University of Washington var han gjesteforsker ved Quaternary Research Center 1998 og 2003–04. Storegga tsunamien er ei storhending i noregshistoria som forskarar først har funne ut om i nyare tid. I fleire tiår stussa skotske og norske geologar over sand som var avsett frå sjøsida inn i innsjøar langs kysten, og sand som dekte steinalder busetnader. Både i Inverness og på Sunnmøre fann dei avsettingar som dei ikkje hadde noka god forklaring på. Hadde det vore ein storm av abnorme dimensjonar i Nordsjøen for 8000 år sidan? Først med oljeleitinga på syttitalet kom svaret på gåta. På kanten av den norske sokkelen, mot fiskebanken Storegga, går det eit stup rett ned frå 250 meters djup til 500 meters djup. Dette er bakveggen til eit enormt ras. På havbotnen nedom skredkanten og heilt ned til 3000 meters djup ligg restane av det, med steinblokkar opp til ein kilometer i diameter. Dette raset utanfor Mørekysten – det største kjente undersjøiske raset i historia – forårsaka det som no blir kalla Storeggatsunamien. Den første vitskaplege artikkelen om fenomenet kom i 1987. I starten var geologar mest opptekne av å stadfeste at tsunamien faktisk fann stad, sidan har andre spørsmål komme til. Illustrasjon: HiSF Kartet viser Storegga-raset og effekten av den påfølgende tsunamien. Bølgene inn mot kysten på Vestlandet var opp mot ti og elleve meter høye. (Illustrasjon: HiSF)
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 70 kr