Komande søndag vil Johan Ottesen presentere si nyaste bok: «Snurparar. Havfiskebåtar på Sunnmøre 1944–1957. I boka skriv han om 50 snurparar som kom til Sunnmøre i dette tidsromet. Denne perioden dekkjer dei store sildeåra som varte til og med 1956. I 1957 var det såkalla sildeeventyret over. Den aukande fangstmengda i desse åra kan i stor grad tilskrivast at fleire og fleire farty tok del i sildefisket. Rette nok var der båtar som gjorde det svært godt. Men dei mange som hadde heller liten fangst, har ein lett for å gløyme. Gjennom historia til dei 50 båtane får ein også eit innblikk i korleis farty-typane utvikla seg. Rett etter krigen fekk vi mange store havfiskebåtar bygde i tre, men etter kvart tok stålbåtane over. Etter at sildefisket tok slutt, måtte fiskeflåten tilpassast nye tider. Båtane vart ombygde, og ein søkte til nye fiskefelt. Meny: Stekt ørretfilet med hvitvinsaus, grønnsaker og poteter Kyllinggryte med curry og frisk salat Middag lages til av kokker frå Thon Hotel Fosnavåg
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 70 kr