Han er ein meister i å fange den ekte forteljinga, Oddgeir Bruaset. I juleboka som han har laga om jula hos dei menneska han møtte i programserien « Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», skildrar han stemning , sterke opplevingar og dramatiske hendingar. Førstkomande søndag ettermiddag/kveld kjem han til Runde Miljøsenter for å gi nokre smakebitar frå juleboka si. Den populære programskaperen vart i fjor oppfordra til å lage ei julehefte om menneske og hendingar frå programserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Dette gjekk så bra at det i år kom tinging på ei julebok med historier frå nokre av dei møta han hadde med folk som feira jul til fjells eller i dei inste norske fjordar. I boka, fortel han om einstøingen som opplevde å bli berga av ordføraren i bygda då han gjekk gjennom isen på sjølvaste julafta og om den 77 år gamle kvinna som klivra stupbratte fjellsider på Knivsflå i Geirangerfjorden for å vikariere for jordmora som ikkje kom seg fram i tide til ein fødsel på julekvelden. Saman med mange andre julefortellingar og fine bilete av folk og stader, har det vorte ei ekte og flott julebok. På Runde Miljøsenter søndag ettermiddag/kveld skaper dei førjulssteming og inviterer både til møte med Oddgeir Bruaset og ein aldri så liten smakebit på julematen. Menyen på søndag: Svineribbe med julesaus, surkål, svisker og poteter Torskefilet med urtesaus, frisk sitrussalat og poteter Middag lages til av kokker frå Thon Hotel Fosnavåg
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 15:00 - 19:00 kl. 18:00 - 19:00
Billettar 70 kr