OBS! Foredraget er AVLYST! Grunna sjukdom kan ikkje David Eidsvoll kome til oss i morgon. Utstillinga vil uansett vere ope, og kjøkkenet er ope. Dei informerar at dei har fiskesuppe, fiskeburgar og kjøttkake i brunsaus på menyen.  Som plaster på såret, vil Charlotte Hauge gaide i utstillinga om plastforsøpling kl 15.00.

Kafe og utstilling ope i tida 13.00 – 17.00

David har lova å kome attende om nokre veker.

 

Plast i torsk, kva gjer det med oss?

Kvar søndag framover til midten av februar vil Runde Miljøsenter ha plastforureining som tema på søndagsforedrag.

Komande søndag kjem David Pettersen Eidsvoll (NIVA) til Runde Miljøsenter og skal snakke om funn av plast i fisk.

«For fyrste gong har forskarar funne plast i magen på norsk torsk. Heile 27 prosent av torsken i hamnebassenget i Bergen har slukt plast, viser ein fersk studie»

Torsk var i 2015 den viktigaste økonomiske fiskeart i Noreg, og spelar dessutan ein sentral rolle i økosystemet i Barentshavet og langs norskekysten.

Ta deg ein tur og få med deg viktig kunnskap om plasforureining. Utstillinga om plastforsøpling er gratis og det vil som vanleg vere ope kafé med sal av middag, dessert og kaffi.

 


Foredrag kl. 15.00  –  Inngang foredrag: 75,-

Ustilling om plast i havet ope frå 13-17 –  fri inngang


 

Hjarteleg velkomen skal de vere!

 

Plakat søndagsforedrag framover: sondagsforedrag-jan-og-feb